Fagorganisert eller ikkje?

Oppgåve 1. Vel deg eit yrke
Kva for fagforeiningar kan du bli medlem av som fagarbeidar innanfor dette yrket?
Kva fagforeining organiserer flest fagarbeidarar innanfor det yrket du har valt?
Kva for nokon andre yrkesgrupper kan vere medlemmer i same fagforeining?
Kva kan denne fagforeininga tilby medlemmene sine?
Drøft argument for og imot å vere medlem av ei fagforeining.
Oppgåve 2. Lønner det seg?
Nokon seier det er dyrt å vere med i ei fagforeining. Kor mykje kostar det å vere medlem? Har du råd til å la vere?
Kontingent
Kontingenten til fagforeininga er skattefri. Det betyr at du betaler ein prosentsats ut frå bruttolønna di.
I tillegg er kontingenten frådragsgodkjend på skattemeldinga. Det betyr at du kvart år kan trekke frå inntil 8 700 kroner på skattemeldinga (2026).
Del 1
Eva er resepsjonist og tener kr 450 000 brutto i året. Ho vurderer å bli med i fagforeininga Fellesforbundet.
- Kor mykje skal ho betale i fagforeiningskontingent når kontingenten er 1,5 prosent?
- Kva nytte kan Eva ha av å vere med i Fellesforbundet?
- Synest du nytta veg opp for kostnaden?
Del 2
Ola er vektar og tener kr 500 000 i året. Han vurderer å bli med i fagforeininga Parat.
- Kor mykje skal han betale i fagforeiningskontingent når kontingenten er 1,2 prosent?
- Kva nytte kan Ola ha av å bli med i fagforeininga Parat?
- Synest du nytta veg opp for kostnaden?