Norsk og islandsk
Del 1: Løyser du gåta?
Sjå på dialogen under. Skjønner du kvifor det blir ei misforståing her?
– Ólafur slær Helgu, sa ein islandsk ven til meg ein gong.
– Uff då, svara eg. – Slår verkeleg Olav (norsk for det islandske namnet Olafur) kona si, Helga? Det er ikkje greit.
Men veit du kva han svara?
– Já, Helgu slær Ólafur.
– Hæ, sa eg forvirra. – Slår Helga mannen sin, Olav?
– Nei, Helga slær ekki (ikkje) Olaf!, svara han. Så sa han med tydeleg trykk på orda: – Helgu slær Ólafur.
Eg såg uforståande på han. Var han heilt forvirra?
Del 2: Ordklassar og funksjon
Mange synest det er vanskeleg å skilje mellom omgrepet ordklasse og funksjonen (subjekt, objekt osb. ...) til eit ord eller ein frase i ei setning. Diskuter i grupper: Korleis viser historia over forskjellen på ordklassar og funksjon?
Del 3: Andre språk
Sit i grupper. Kva andre språk kjenner de til? Er dei kasus- eller setningsleddspråk? Skriv ned døme og diskuter. Om de er usikre på svaret, kan de prøve å søke på "languages with case" på nettet. Her kan de finne både kart og artiklar om emnet.