Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Setningslære

Oppgåve
Interaktivt innhald

Kan du setningsanalyse?

I denne oppgåva skal du øve deg på å kjenne igjen subjekt, verbal, direkte objekt og indirekte objekt.

Del 1: Finn verbalet

No skal du øve deg på grunnleggande setningsanalyse. Det betyr at du skal kunne finne subjekt, verbal, direkte og indirekte objekt.

Tips for å finne verbalet

Når du skal analysere setningar, bør du alltid finne verbalet først. Årsaka er at når du har funne verbalet, er det mykje enklare å stille dei rette spørsmåla for å oppdage kva som er subjekt, direkte objekt, indirekte objekt og adverbial.

For å finne verbalet, må du alltid stille spørsmålet:

  • Kva blir gjort?

Andre tips er:

  • Verbalet er alltid eit verb.

  • Verb uttrykker handling (å ete, å hoppe) eller ein tilstand (å vere, å bli).

  • Verb er den ordklassen du kan setje infinitivsmerket "å" framfor.

A: Plasser verbalet i boksen

B: Skriv verbalet i boksen

Del 2: Finn subjektet

Tips for å finne subjektet

  1. Finn verbalet først.

  2. Spør så: Kven utfører handlinga?

Døme: "Anna et fisk."

  1. Kva skjer i setninga, kva er verbalet? "et" = verbalet.

  2. Kven et? "Anna" = subjektet.

Plasser subjektet i boksen

Del 3: Finn det direkte objektet

Tips for å finne det direkte objektet

  1. Finn verbalet først.

  2. Finn subjektet.

  3. Spør så: Kven eller kva er det handlinga blir utført mot?

Døme: "Anna et fisk."

  1. Kva skjer i setninga, kva er verbalet? "et" = verbalet.

  2. Kven et? "Anna" = subjektet.

  3. Kva et Anna? "fisk" = det direkte objektet.

Plasser det direkte objektet i boksen

Del 4: Finn det indirekte objektet

Tips for å finne det indirekte objektet

Det er ikkje så mange setningar som har indirekte objekt. Men viss eit setningsledd opptrer som mottakar, så er denne mottakaren indirekte objekt.

I setningane under er til dømes ordet med feit skrift indirekte objekt i setninga:

  • Vi gir han ei gåve.

  • Ho sende dei brevet.

  • Han lånte meg sykkelen sin.

Plasser det indirekte objektet i boksen

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 29.01.2026