Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Setningslære

Fagstoff
Interaktivt innhald

Subjekt og verbal

Subjekt og verbal er dei to viktigaste setningsledda. Nesten alle norske setningar inneheld subjekt og verbal. Lær korleis du finn dei to når du analyserer setningar.

Kven gjer noko?

Svar på oppgåvene i presentasjonen nedanfor før du les fagstoffet. Det skal hjelpe deg til å forstå kva eit subjekt er i ei setning.

Oppgåva i rein tekst

Finn det setningsleddet som utfører handling. Til dømes: Jenta speler handball. "Jenta" utfører handlinga.

Setningane

  1. Mannen et pizza.

  2. Jenta les ei bok.

  3. Pingvinane stuper i sjøen.

  4. Kvinna nys.

Fasit

  1. Mannen et pizza.

    • "Mannen" er subjekt.

  2. Jenta les ei bok.

    • "Jenta" er subjekt.

  3. Pingvinane stuper i sjøen.

    • "Pingvinane" er subjekt.

  4. Kvinna nys.

    • "Kvinna" er subjekt.

Subjekt

Subjektet i ei setning er den eller det som gjer noko. Ganske ofte er subjektet eit substantiv: "Bjørnen søv." Men det kan òg vere eit pronomen: "Han søv."

Subjektfrase

Eit setningsledd kan bestå av fleire ord, og då kallar vi det for ein frase. Klarer du å finne ut kva som er subjektet i setninga under?

  • Den kjekke naboen og den nye kjærasten hans spaserte i parken.

Svaret er at frasen "den kjekke naboen og den nye kjæresten hans" er subjektet.

Korleis kan du finne ut kva ord som høyrer til subjektfrasen? Eit godt tips: Set inn eit pronomen som subjekt i setninga. Alle orda som pronomenet erstattar, er del av subjektfrasen:

  • Den kjekke naboen og den nye kjærasten hans spaserte i parken.
  • Dei spaserte i parken.

Meir om subjektet

I definisjonen over skriv vi at subjektet i ei setning er den som gjer noko. Dette er ei forenkling, for det er ikkje alltid subjektet i ei setning handlar aktivt. Sjå til dømes på desse setningane:

  1. Anna fekk gåva.
  2. Petter mottok medaljen.
  3. Bilen blei parkert.
  4. Det regner.
  5. Å danse er gøy.

I setningane a) og b) er "Anna" og "Petter" subjekt, men dei handlar ikkje aktivt, dei mottek noko frå nokon andre. Enkelte verb uttrykker ikkje noka aktiv handling. I setningar med verba å få og å motta er det mottakaren som er subjekt i setninga.

Setning c) er ei såkalla passivsetning. Den tilsvarande aktivsetninga er "ho parkerte bilen". Passiv form av verbet bruker vi ofte når den som utfører handlinga er ukjend eller uviktig. I dømet vårt er det bilen og det som skjer med han, som står i fokus, ikkje personen som køyrer.

Vi dannar passiv ved å snu om på aktiv-setninga: Objektet frå aktiv-setninga blir til subjektet i passiv-setninga. Subjektet frå aktiv-setninga blir ofte sløyfa heilt, slik som i dømet vårt.

I setning d) er pronomenet det subjekt. Men det viser ikkje til nokon eller noko som handlar aktivt, ordet berre fyller plassen til subjektet. Det er nemleg ein grunnregel i det norske språket at alle setningar må ha eit subjekt. Vi kallar det for formelt subjekt når pronomenet er brukt utan at det viser til nokon eller noko.

I setning e) er subjektet faktisk ein infinitiv, å danse. Verbalet er er. Subjektspørsmålet er: Kva er gøy? Og svaret er: å danse. Vi kan erstatte å danse med pronomenet det: Det er gøy.

Kva er handlinga?

Svar på oppgåvene i presentasjonen nedanfor før du les fagstoffet. Det skal hjelpe deg til å forstå kva eit verbal er i ei setning.

Oppgåva i rein tekst

Finn setningsleddet som uttrykkjer handling. Det vil alltid vere eit verb.

Til dømes: Jenta speler handball. "Speler" viser handling.

Setningane

  1. Mannen et pizza.

  2. Jenta les ei bok.

  3. Pingvinane stuper i sjøen.

  4. Kvinna nys.

Fasit

  1. Mannen et pizza.

    • "Et" er verbal.

  2. Jenta les ei bok.

    • "Les" er verbal.

  3. Pingvinane stuper i sjøen.

    • "Stuper" er verbal.

  4. Kvinna nys.

    • "Nys" er verbal.

Verbal

Verbalet er setningsleddet som uttrykker kva som skjer: "Jenta hoppar frå stupetårnet." Når du analyserer setningar, bør du alltid finne verbalet først. Har du identifisert verbalet, er det enkelt å stille det rette spørsmålet for å finne subjektet. Sjå til dømes på denne setninga:

  • Petter gav Anna ei bok.

Start setningsanalysen din med å spørje:

  • Kva er det som skjer? Kvar er verbet i setninga?

I dømet vårt er det som skjer at nokon gav noko. Gav er altså verbalet. Neste steg er å finne subjektet. Da spør du slik:

  • Kven er det som utfører handlinga? I dette tilfellet: Kven var det som gav?

Då vil du lett kunne sjå at det er Petter som utfører handlinga: Det var han som gav noko. Petter er subjektet i setninga.

Subjekt og verbal i andre språk

Ein forskjell mellom norsk og mange andre europeiske språk er at vi ikkje bøyer verbet i samsvar med subjektet. Dette gjer til dømes engelskmennene, franskmennene og tyskarane. I tabellen under kan du sjå korleis verbet endrar seg i samsvar med subjektet i alle dei tre språka, bortsett frå norsk.

Subjekt og verbal i ulike språk

NORSK

ENGELSK

TYSK

FRANSK

eg er

I am

ich bin

je suis

du er

you are

du bist

tu es

Italienarane sløyfar ofte subjektet dersom subjektet er eit pronomen – verbendinga fortel likevel kven det er som utfører handlinga. Der vi på norsk må seie "han eller ho drikk", kan italienarane heilt enkelt seie beve. Er det fleire som drikk, seier dei bevono ("dei drikk").

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 28.01.2026