Øvelse
Kommunikasjon mellom servitør og restaurantgjester
I dette videoklippet møter du servitøren Carolin Nilsson og gjestene Nina Hæg og Richard Karlsen. Dei har klare synspunkt på korleis kommunikasjonen mellom servitør og gjest bør vere!
God kommunikasjon mellom gjest og servitør
Sjå videoklippet med Carolin Nilsson og gjestene hennar, og jobb deretter med spørsmåla nedanfor.
- Carolin Nilsson hevdar at god kommunikasjon mellom ein servitør og ein gjest er svært viktig. Korleis grunngir ho dette?
- Nemn tre-fire døme på kva ein servitør kan gjere for at gjestene skal kjenne seg velkomne og få ei god oppleving når dei er på restaurant.
- Carolin seier at ho har lært seg “å lese gjestene”. Kva meiner ho med det?
- Korleis behandlar Carolin ein gjest som er misnøgd eller i dårleg humør?
- Kva forventar Nina Hæg og Richard Karlsen av ein god servitør?
- Kva liker Carolin ved jobben som servitør?
Sei det på fagspråket!
No skal du bruke nokre faguttrykk for å beskrive kommunikasjonen mellom servitør og gjest.
- Er eit restaurantbesøk ein formell eller ein uformell situasjon? Grunngi svaret.
- Sjå nærare på servitør- og gjesterolla. Er dette to likeverdige roller, eller har ein av partane ei overordna rolle overfor den andre? Grunngi svaret ditt.
- Korleis bør du oppføre deg når du er i gjesterolla? Gi to døme og forklar.
- Kva høyrer med til den kommunikative kompetansen som trengst i servitøryrket? Nemn alt du meiner høyrer med, og ordne punkta etter kor viktige dei er.