Kommunikativ kompetanse - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Kommunikativ kompetanse

Oppgåve 1

Skikk og bruk i ulike kulturar

Alle kulturar har sine eigne reglar for rett språkbruk og oppførsel. Å kjenne til desse reglane er viktig om vi skal verte aksepterte i eit miljø. I Japan, til dømes, er dette vanlege reglar:

  • Det er vanleg å bukke når ein helsar på nokon for første gong; ein bukkar òg undervegs i samtalen for å vise høflegheit.
  • Det er svært uvanleg å handhelse.
  • Folk rører sjeldan ved kvarandre i samtalesituasjonar, med mindre dei kjenner kvarandre godt.
  • Ein seier alltid etternamnet først når ein presenterer seg.
  • Det finst fire språklege høflegheitsnivå. Nivå ein og to vert berre brukte overfor familie og venner, nivå tre vert brukt med ein gong ein går utanfor huset, og nivå fire vert brukt i veldig formelle situasjonar.
  • Det er sjeldan at folk tiltaler kvarandre med førenamn. I staden bruker ein etternamnet, som får ei ending (eit suffiks) etter seg, anten -san, -chan eller -kun.
  • Det finst sjølvsagt reglar for kva tid ein skal bruke -san, -chan eller -kun! Men -san passar alltid, til dømes Solbakken-san.

Vel deg ein kultur som du kjenner sjølv, eller som du opplever som eksotisk, og presenter nokre reglar for oppførsel og språkleg høflegheit som gjeld for denne kulturen! Lag ein enkel presentasjon der du viser bilete, fortel, forklarer og demonstrerer.

Oppgåve 2

Lag eit rollespel som viser brot med typisk norske konvensjonar for oppførsel på bussen.

Oppgåve 3

Reglar for oppførsel i formelle situasjonar

Nemn tre konvensjonar for norske

  1. konfirmasjonstalar
  2. jobbintervju
  3. møtereferat

Kva er nødvendig eller greitt å seie eller skrive, og kva er ikkje greitt?

Relatert innhald

Fagstoff
Kommunikativ kompetanse

Kommunikativ kompetanse er langt meir enn det å kunne snakke. Lær litt meir om dette omgrepet.

Skrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2020