Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Å droppe ut av skulen

"Dropouts", "taparar", "fråfallarar". Det finst mange ord om dei som ikkje fullfører skulen. Jamal frå Tante Ulrikkes vei og Samuel Massie frå Hold fast! er representantar for desse ungdomane.

Tekstane

Les utdraget om Jamal (12. september 2001) frå Tante Ulrikkes vei og om Samuel Massie frå Hold fast!.

Fokuser på delane som tek for seg forholdet hovudpersonane har til skulen.

Oppgåve 1. Tekstforståing

  1. Samanlikn eg-personane si framstilling av skulen. Kva likskapar og forskjellar finn du i skildringane?
  2. Samanlikn eg-personane. Korleis vil du beskrive forteljarstemmene deira? Bruk sitat når du grunngir.
  3. Oppsummer: Kvifor sluttar både Jamal og Samuel Massie på skulen?

Oppgåve 2. Eit møte mellom to dropouts (kreativ skriving)

Denne oppgåva passar fint både aleine og i par.

Korleis ville eit møte mellom Jamal og Samuel Massie gått føre seg? Førestill deg at Jamal går vidare frå skulen 12. september 2001. Han går ut i skogen og møter Samuel som nettopp har fått fyr på bålet.

Skrive aleine

Lag ein dialog mellom Jamal og Samuel.

Skrive i par

Lag ein dialog mellom Jamal og Samuel. Ein av dykk skal skrive Jamal sine replikkar, den andre Samuel sine.

De kan anten opprette eit samskrivingsdokument eller skrive på eit ark / ein pc og sende det mellom dykk. Prøv å gjere dette utan å snakke saman. Då kan det vere enklare for dykk å gå inn i dei to ulike rollene.

Tips til begge oppgåvene:

Pass på å bevare stemmene til gutane i dialogen:

  • Jamal snakkar kebabnorsk og er ganske kjapp og røff.
  • Samuel har ein litt meir poetisk og undrande tilnærming til livet.

Les gjerne også ressursen "Korleis og kvifor bruke dialogar?"

Korleis skrive "kebabnorsk"?

Legg merke til kva for "språkfeil" Jamal gjer. Dette er meir eller mindre bevisste brot med grammatiske reglar for å skape eit munnleg språk som kjenneteiknar ungdom frå Groruddalen:

Feil kjønn på substantiv: Eit døme er når Jamal seier "en hus" i staden for "et hus".

Feil plassering av verb: "Plutselig jeg hører Carina" i staden for "Plutselig hører jeg Carina".

Feil bøying av verb: Jamal seier "jeg sovde" i staden for "jeg sov".

Mykje bruk av ord frå arabisk, somalisk, tyrkisk, urdu: "Wollah, sjofe, avor ..."

Oppgåve 3. Samanlikn Massie og Jamal (analytisk skriving)

Skriv eit avsnitt der du samanliknar dei fiktive karakterane Jamal og Samuel Massie sine "eg".

Temaet for avsnittet skal vere årsaker til at gutane droppar ut av skulen.

Tips

Legg merke til både likskapar og forskjellar i historiene. Kva forhold har gutane til lærarane? Kva er det dei saknar frå lærarane sine? Og kva med å reflektere over eigne feil – gjer begge gutane det?

Under kan du sjå eit døme på korleis du kan setje opp avsnitt der du samanliknar karakterar. I dette avsnittet blir karakterane Jamal og Mo frå Tante Ulrikkes vei samanlikna.

Avsnittet i rein tekst

Trinn 1: Temasetning

Både Jamal og Mo opplever utanforskap, men på ulikt vis.

Trinn 2: Skriv om karakter 1

Når det gjeld Jamal, kjenner han lita tilknyting til Noreg og norske verdiar. Han føler seg utestengd, fordi han ikkje blir sett på som ordentleg norsk. I staden føler han tilhøyrsel til Stovner: "Men ok, eg er Jamal. Svarting, muslim, frå Stovner."

Trinn 3: Lag ei mjuk overgang til neste del

Tips: Lag ei overgang frå karakter 1 til karakter 2. Sjå for deg at du tek lesaren i handa og leier hen frå den eine teksten til den andre. Dette kan du få til ved å bruke frasar som uttrykker likskap eller ulikskap mellom personane:

Likskap mellom personane:

  • I likskap med Jamal …

  • Det same karaktertrekket ser vi hos …

  • Utdraget om Mo viser det same temaet …

  • Dette viser seg òg i Mos …

Ulikskap mellom personane:

  • Som ein kontrast til dette er …

  • Eit heilt anna karaktertrekk ser vi hos …

  • Men mens Jamal er …, er Mo …

  • Mos syn på … er heilt ulikt Jamals.

Døme:

I motsetning til Jamal lengtar Mo bort frå Stovner og inn til det gode selskapet med vellykka "nordmenn". Han samanliknar Stovner med "en gammel klut over kjøkkenvasken" og misliker å vere ein del av det mange ser på som eit problemområde: "Jeg er den rare gutten", men klarer heller ikkje å henge med på samtalane til sine medstudentar på Blindern.

Trinn 4: Lag ei oppsummerande avslutning

Både Jamals og Mos historie gir slik innsikt i korleis det er å vekse opp og bli sett som "dei andre". Begge slit med å finne tilhøyrsel og eit fast punkt i livet.

Oppgåve 4. Kvifor droppar ungdom ut av skulen? (akademisk skriving)

Jamal og Samuel Massie sine historier er langt frå unike. Fråfall blir nemleg rekna som eit av dei viktigaste problema i norsk skule. No skal du skrive eit avsnitt der du

  1. viser at Jamal og Massie sine historier ikkje er uvanlege for norske gutar
  2. trekker inn forsking for å grunngi påstanden din

Det å bruke kjelder i eiga skriving er vanleg i fagartiklar, debattartiklar og lesarinnlegg. Det vil auke truverdet ditt og føre til at innhaldet verkar meir truverdig.

Du kan finne kjelder sjølv eller bruke kjeldene nedanfor:

Avsnittet i rein tekst

Trinn 1: Lag ei temasetning som presenterer innhaldet i avsnittet

Romanen Tante Ulrikkes vei viser kor viktig heimen er for korleis vi lykkast på skulen.

Trinn 2: Skriv kommentarsetningar

Jamal får ikkje til skulen. Han har ein far som ikkje er til stades, mens mora er deprimert og ligg på sofaen. Den andre karakteren i romanen, Mo, kjem heller ikkje frå nokon akademisk heim. Men i motsetning til Jamal har han foreldre som er oppegåande og bryr seg om han.

Trinn 3: Vis til kjelde

I rapporten "Foreldrestøtte og hjemmeforhold fra Lesesenteret" står det: " Det er sterk sammenheng mellom (...) foreldres utdanning og (...) barnas akademiske utvikling" (Lesesenteret, 2013).

Trinn 4: Skriv ei konkluderande avslutning

Slik er Jamal typisk for det forsking viser på området: Ingen støttar han heime, og han slit på skulen. På same tid kan vi sjå på Mo som ein som går på tvers av statistikken. Han lykkast trass i lågt utdanna foreldre. Årsaka kan kanskje vere at foreldra er interesserte og støttar han emosjonelt, i motsetning til mora til Jamal.

Kjelder

Massie, S. (2014). Hold fast! (1. utg.). Spartacus Forlag.

Shakar, Z. (2018). Tante Ulrikkes vei (7. utg.). Gyldendal Norsk Forlag.

Relatert innhald

Hold fast!

Utdrag frå boka Hold fast! av Samuel Massie.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 06.01.2026