Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Vegen til Syria

Korleis kan ungdommar som er vaksne opp i Noreg ta val som fører dei til den grufulle krigen i Syria? To utdrag frå norske romanar kan kanskje gi nokre svar.

Del 1: Kva kan de om IS og Syria?

Set dykk i grupper på fire og sjekk forkunnskapane dykkar om IS og krigen i Syria. Diskuter spørsmåla under:

  1. Kvifor braut det ut krig i Syria i 2011?
  2. Kva er IS?
  3. Kvifor har IS blitt kjend som ei grufull terrorgruppe?
  4. Kven kriga/krigar for IS?
  5. Korleis går det med IS i dag?

Del 2. Set dykk meir inn i IS og Syria

Sjå filmen under (lengde 2:47) for meir innsikt og kunnskap om IS. Filmen er frå 2018, så de kan gjerne bruke litt tid etterpå til å finne ut kva som har skjedd sidan denne blei laga.

Del 3: Norske Syriafararar

Les artikkelen "To søstre (utdrag)".

Les artikkelen "Dette livet eller det neste (utdrag)".

Dei to bøkene To søstre av Åsne Seierstad og Dette livet eller det neste av Demian Vitanza handlar om unge nordmenn som dreg til Syria.

I To søstre blir vi kjende med Leila og Ayan – to søstrer som forlèt familien og eit trygt tilvære i Noreg for å hjelpe IS i Syria. Dette livet eller det neste fortel livshistoria til Tariq. Han, og nokre av kameratane hans, dreg òg til Syria. Ifølge Tariq har han aldri kriga på IS si side, men han blei ikkje trudd i det norske rettsvesenet. Forfattaren Demian Vitanza skreiv boka basert på ei rekke samtalar han hadde med Tariq i fengsel.

Les utdraga frå dei to bøkene. Målet er at du skal samanlikne Leila og Tariq. Bruk skjemaet under ("Jobb med utdrag") mens du les.

Legg merke til at vi i skjemaet ber deg skrive inn viktige sitat. Dette treng du til dei neste oppgåvene, så ver grundig her.

Jobb med utdraga

Spørsmål til teksten

Lejla

Tariq

Relevante sitat frå To søstre

Relevante sitat frå Dette livet eller det neste

Kva synsvinkel er utdraga fortalde med?

Korleis ser hovudpersonane på Noreg og norske verdiar?

Kva for delar av teksten viser at personane gradvis blir meir religiøse og opptekne av å leve på "riktig" muslimsk vis?

Påstand: Både Tariq (og gjengen) og Lejla kjenner på utanforskap – altså at dei ikkje høyrer heilt til i Noreg, med nordmenn. Korleis kjem dette til syne?

Oppsummert: Kva vil du peike på som dei viktigaste årsakene til at hovudpersonane vender seg bort frå det norske og mot ekstrem islamisme?

Del 4: Diskuter funna

  1. Samanlikn funna de har gjort i firargrupper. Legg særleg vekt på den siste delen: "Kva vil de peike på som dei viktigaste årsakene til at hovudpersonane vender seg bort frå det norske og mot ekstrem islamisme?"
  2. Gå gjennom funna de har gjort i gruppa med resten av klassen. Pass på at alle tankane de kjem med, blir skrivne ned i eit felles dokument, på tavla eller ein annan stad de har det tilgjengeleg.

Del 5. Vis fram funna

Vel ei av oppgåvene under. I den første oppgåva ber vi dykk legge fram funna dykkar munnleg i grupper. I den andre ber vi dykk jobbe åleine og skrive om vedlegga.

Munnleg framføring

Jobb vidare i gruppene de danna i del 5 av oppgåva. Hald eit foredrag om Syriafararar og dei to litterære framstillingane av norske Syriafararar.

  • Intro: Ta for dykk kva IS er, og kva som kjenneteiknar europearar som dreg til Syria for å krige.
  • Del 1: Presenter dei to bøkene. Hugs å definere sjangeren av bøkene i presentasjonen (Er bøkene skjønnlitteratur eller sakprosa?).
  • Del 2: Lag ei samanlikning av Tariq og Lejla. Bruk gjerne fagomgrepa indirekte/direkte personskildring, og vis korleis forfattarane med ulike grep får fram kva som kjenneteiknar Tariq og Lejla. Kva for likskapar og forskjellar legg de merke til?
  • Del 3: Meiner de at Tariq og Lejla er typiske Syriafararar? (Vend tilbake til utforskinga de gjorde i del 1).
  • Konklusjon/oppsummering.

Skriftleg framstilling

Skriv eitt–tre avsnitt der du samanliknar Tariq og Lejla. Vel eit moment frå dokumentet som du kan tenke deg å konsentrere deg om. Det kan til dømes vere

  • korleis Tariq og Lejla ser på norske verdiar
  • korleis utdraga viser Tariq og Lejlas utanforskap?
  • kvifor Tariq og Lejla blir radikaliserte

Avsnittet i rein tekst

Slik kan du bygge opp avsnittet ditt:

Trinn 1: Temasetning

Både Jamal og Mo opplever utanforskap, men på ulikt vis.

Trinn 2: Skriv om karakter 1

Når det gjeld Jamal, kjenner han lita tilknyting til Noreg og norske verdiar. Han føler seg utestengd fordi han ikkje blir sett på som ordentleg norsk. I staden føler han tilhøyrsel til Stovner: "Men ok, jeg er Jamal. Svarting, muslim, fra Stovner."

Trinn 3: Lag ei mjuk overgang til neste del

Tips: Lag ei overgang frå karakter 1 til karakter 2. Sjå for deg at du tek lesaren i handa og leier hen frå den eine teksten til den andre. Dette kan du få til ved å bruke frasar som uttrykker likskap eller ulikskap mellom personane.

Likskap mellom personane:

  • I likskap med Jamal …

  • Det same karaktertrekket ser vi hos …

  • Utdraget om Mo viser det same temaet …

  • Dette viser seg òg i Mos …

Ulikskap mellom personane:

  • Som ein kontrast til dette er …

  • Eit heilt anna karaktertrekk ser vi hos …

  • Men mens Jamal er …, er Mo …

  • Mos syn på … er heilt ulikt Jamals.

Døme:

I motsetning til Jamal lengtar Mo bort frå Stovner og inn til det gode selskapet med vellykka "nordmenn". Han samanliknar Stovner med "en gammel klut over kjøkkenvasken" og misliker å vere ein del av det mange ser på som eit problemområde: "Jeg er den rare gutten", men klarer heller ikkje å henge med på samtalane til medstudentane sine på Blindern.

Trinn 4: Lag ei oppsummerande avslutning

Både Jamals og Mos historie gir slik innsikt i korleis det er å vekse opp og bli sett på som "dei andre". Begge slit med å finne tilhøyrsel og eit fast punkt i livet.

Kjelder

Seierstad, Å. (2016). To søstre. Kagge forlag.

Vitanza, D. (2017). Dette livet eller det neste. Aschehoug.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 23.04.2026