Utanforskap i To søstre
Del 1: Førehandskunnskapar
Diskuter i grupper:
- Kva forbind de med radikal islam?
- Kva forbind de med IS og medlemmar av IS?
- Kva veit de om nordmenn som har drege til Syria for å krige for IS?
Var de blanke? Les dykk gjerne opp litt på internett om de treng meir kunnskap om emnet.
Del 2: Sjå animasjonen
I denne animasjonen (lengde 0:49) får du eit kort samandrag av handlinga i boka To søstre av Åsne Seierstad.
Del 3: Intervju med forfattaren
Sjå intervjuet forfattaren Åsne Seierstad gjer i Bokprogrammet på nrk.no.
Svar på desse spørsmåla medan du ser på intervjuet:
Kva seier Åsne Seierstad om
- kvifor ho skreiv boka?
- kvifor det var så uforståeleg at nettopp desse to jentene drog til Syria?
- korleis ho jobba då ho skreiv boka og kva kjelder ho brukte?
- årsaker til at jentene blei radikaliserte?
- korleis Islam.net framstilte nordmenn?
Del 4: Tekstforståing
Les utdraget frå To søstre. Svar på spørsmåla under. Det er viktig at du grunngir alle svar på spørsmål ved å vise til sitat i teksten. Sitata er nemleg grunngivingane dine.
- Den første delen av teksten viser korleis Leila både prøver å passe inn og korleis ho skil seg ut. Kva faktorar skil henne frå klassevenninnene?
- Kva delar av teksten synest du viser Leila sitt utanforskap?
Utdraget viser at Leila blir meir og meir religiøs i løpet av ungdomsskulen.
- Kva hendingar viser at Leila er i ferd med å bli ein strengare muslim?
- Korleis reagerer lærarane og dei andre i klassen på endringa til Leila?
- Kva er Leila sitt mål i livet? Kvifor har ho dette målet?
Del 5: Kven er Leila?
Boka til Seierstad er skriven med e-post, dagbøker og intervju som kjelder. Ho har aldri snakka med Leila eller storesøstera Ayan.
Skriv historia om Leila si ungdomsskuletid med Leila som eg-forteljar. Kva trur du ho tenkte på i denne perioden? Kva blei avgjerande for at ho forandra seg?
Tips: Kanskje kan du skrive i dagbokform?
Del 6: Familien heime
Korleis reagerer du viss ein familiemedlem bestemmer seg for å krige for ein terrororganisasjon? Faren til Lejla og Ayan var desperat og drog inn i krigsherja Syria for å hente døtrene. Broren, Hassan, skreiv meldingar med Lejla.
Sjå intervjua med Sadiq og Hassan og svar på spørsmåla under aleine. Set dykk deretter i grupper og diskuter svara på spørsmåla.
Intervju med Åsne Seierstad og Sadiq Juma hos Lindmo på NRK (frå 34:30).
99 % norsk med Hassan Juma (tekst og filmklipp frå Nrk.no)
- Korleis vil du seie at Sadiq og Hassan sitt syn på radikal islam, IS og Noreg skil seg frå Leila sitt syn?
- Intervjuet med Sadiq Juma viser at det ikkje berre er utanforskap, men også andre årsaker som kan ha bidrege til radikaliseringa av døtrene. Kva for årsaker?
- Er det mogleg å forstå kvifor nokon skulle ønske å krige for ein terrororganisasjon?
Del 7: Utanforskap i det lykkelegaste landet i verda?
- Drøft påstandane under i grupper:
- Utdraget frå To søstre viser at innvandrarar og andregenerasjonsinnvandrarar alltid vil kjenne på eit utanforskap i Noreg.
- Utdraget frå To søstre viser at Leila er utakksam.
- Leila blir diskriminert.
- Leila diskriminerer ikkje-muslimar.
- Utdraget frå boka viser at klassekameratane til Leila burde ha behandla ho annleis.
Avslutt med å skrive ein kort argumenterenede tekst du presenterer ditt syn på to–tre av punkta over. Grunngi ved å vise til sitat i teksten og kommenter desse.
Relatert innhald
Korleis kunne norske ungdomar reise til Syria for å krige for IS? Seierstads "To søstre" og Vitanzas "Dette livet eller det neste" handlar om det.