Ver ein dialektdetektiv!
Del 1. Kva kan du om dialektar frå før?
I par: Prøv å etterlikne nokre norske dialektar de kjenner litt til.
Kva gjorde de? Prøv å forklare med ord kva endringar de måtte gjere for at det skulle høyrast ut som ein annan dialekt.
Del 2. Dialektlære
Det som skil dialektane frå kvarandre, kallar vi målmerke. Vi finn ofte dei same målmerka innanfor ganske store geografiske område.
Les om målmerka:
Relatert innhald
Del 3. Plasser målmerka geografisk
Studer språklege særtrekk ved din eigen dialekt.
Last ned dialektskjemaet (lenkje nedanfor) og avgjer kva målmerke som kjenneteiknar din eigen dialekt. Skriv ned tre eksempelord til kvart målmerke du kryssar av for.
Snakkar du "rein" dialekt, eller manglar du nokon av målmerka som er beskrivne i dialektlæra? Korleis kan du i så fall forklare dette?
Dialektskjema
- Dialektskjema(DOC)
Vel deg ein kjendis som snakkar ein dialekt du ikkje kjenner frå før.
Last ned dialektskjemaet (lenkje nedanfor) og avgjer kva målmerke som kjenneteiknar dialekten til personen du har valt. Klarer du å plassere personen på rett stad i Noreg (utan å google først)?
Snakkar kjendisen "rein" dialekt, eller er det målmerke som ikkje heilt passar med det dialektlæra seier om dialekten? Kva kan årsaka i så fall vere?
Dialektskjema
- Dialektskjema(DOC)
Lytt til kåseriet, og stopp gjerne undervegs for å notere spora du finn, i dialektskjemaet (sjå lenkje til skjema i oppgåve 3 over):
Familien som spela vekk jola
Tekstversjon
(Musikk)
(Kåsøren med tilgjord stemme:) "Familien som spela vekk jola", eit moderne skillingsdikt av Linda Eide. Det er forfattaren sjølv som les.
(Musikk)
Og det var vesle Lars ved ein speleautomat
som drøymde om sau og kålrabi på eit julefat.
Den tynne handa skalv og sveitten rann,
for jula kunne berre reddast om han vann.
Folk hamstra julemat og kassaapparata song.
Heime låg berre ein sundriven lottokupong.
Kjøleskapet var gapande tomt og nake,
ein einaste sursild låg der i ein eira lake.
Utanfor butikken fall julesnøen lett og var.
Lars stod og tenkte på sin eigen galne far.
Hadde han berre ikkje satsa alt på Gampegauten,
så hadde dei i det minste hatt pengar til julegrauten.
Men far lærte aldri av slikt,
det skjedde kvart år, det gjekk alltid likt:
Før jula satsa han alt på eitt kort,
hesten sprang seint, men pengane fort.
Snart ringde heile verda jula inn.
Lars hugsa mor si bøn: Vinn, Lars! Vinn!
Det var den siste mynten som skulle gi julematen,
etter ein klirrande lykketur i speleautomaten.
Lars tenkte på mor i det kalde huset.
Mor med det tomme kaffekruset.
Mor som hosta og heldt seg for bringa,
for helsa var skral etter eit liv med bingo.
Sju kveldar i veka, men ikkje om det nytta,
ho vann korkje pengar eller luksushytte.
Kvar gong lova ho vesleguten ei gåve,
men Lars låg og gret i den forlatne stova.
Han visste at tala var stygge med mor.
Ikkje ein einaste gong heldt ho ord.
Inkasso kom det på kvar einaste rekning,
men for mor var det alltid ei ekstratrekning.
Men no var huset ribba for alt som ein gong var.
Då banken drog med senga, ramla det for far.
Spelegjelda var høgare enn det høgaste fjell.
Berre slik kom dei nær Vårherre likevel.
Lars stod ved automaten, utarma og slapp.
Og heilt brått var det at pengestykket glapp,
ut i julegata trilla mynten,
under bilar, mellom julepynten.
Lars sprang etter og vrengde med auga.
Snart var vel tikroningane over alle haugar.
Då ville han aldri meir heim til ho mor.
Å, gjev han aldri var komen til denne jord!
Det var i postkrysset at ulykka var ute.
Linje 60 var for første gong i rute.
Ein diger buss og ein liten gut,
det såg ikkje akkurat vakkert ut.
Juleklokka kima då Lars blei plukka opp.
Den låg nokså spreidd, hans vesle barnekropp.
Men handa snøa ned og fann si eiga blaute seng.
Dei fann ho neste vår, attmed ein skinnande liten peng.
(Musikk)
(Kåsøren med tilgjord stemme:) Du har høyrt i original "Familien som spela vekk jola", eit moderne skillingsdikt. Det var forfattaren sjølv som las.
- Snakkar Linda Eide ein lågtone- eller høgtonedialekt?
- Har ho tjukk l i dialekten sin eller ikkje?
- Har dialekten apokope?
- Har dialekten palatalisering?
- Kva slags r-lyd bruker ho?
- Kan måten ho uttaler r på, seie noko om kvar ho kjem frå?
Relatert innhald
Her finn du ei skildring av eit utval norske målmerke og kvar i landet vi finn dei.