Hat trick, hættrikk eller trillingmål? - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Hat trick, hættrikk eller trillingmål?

Oppgåve 1: Fornorsking og norvagisering av engelske ord

Del 1: Norvagisering

Vi importerer stadig fleire engelske ord i norsk. Mange av orda blir etter kvart tilpassa norsk skrivemåte eller uttale. Vi seier at vi norvagiserer ordet. Nokre døme på eldre norvagiseringar er "turist" for "tourist", "sjalu" for "jaloux", "sjåfør" for "chauffeur" og "kul" for "cool". Nokre nyare norvagiseringsdøme er "døll" for "dull", "konteinar" for "container" og "streit" for "straight".

I ramma lenger ned finn du ei liste over ein del engelske ord som i større eller mindre grad blir brukte i norsk i dag.

  1. Gå gjennom kvart av orda i lista. Kva er det med ordet som gjer at det ikkje er heilt norsk? Er det skrivemåten, uttalen eller kanskje begge delar?

  2. Kva endringar må til for at ordet skal vere i tråd med norske skrivereglar eller norsk uttale?

Nokre importord frå engelsk:

pulled pork, shabby chic, sit-ups, happy hour, hat trick, hit and run, peptalk, tights, halloween, bucket list, fatbike, name-dropping

Del 2: Fornorsking

Nokre gonger vel vi eit norsk ord i staden for det engelske ordet. Vi seier at vi fornorskar ordet ved hjelp av eit avløysarord, altså eit norsk erstatningsord. Nokre vellykka døme på slike avløysarord er "ansiktsløfting" for "face lift", "nettbrett" for "iPad/tablet", "nettside" for "webpage", "strøyme(teneste)" for "streaming" og "minnepinne" for "memory stick".

Ein del av desse avløysarorda veks fram blant språkbrukarane sjølv, men det hender at Språkrådet kjem med forslag til fornorsking av engelske ord og uttrykk. I ramma lenger ned ser du nokre av forslaga Språkrådet har til avløysarord.

  1. Kva for nokre av forslaga liker du best og dårlegast? Kvifor?

  2. Er det nokon av forslaga du anten bruker allereie, eller som du kunne tenkje deg å bruke?

  3. Har du betre forslag?

Nokre av forslaga Språkrådet har til avløysarord:

pulled pork > plukksvin

shabby chic > lurvelekkert

sit-ups > bukbøyingar

happy hour > billegtime

hat trick > trillingmål

hit and run > ram og røm

peptalk > piffprat

tights > trongbukse

halloween > graskarkvelden

bucket list > kisteliste

fatbike > tjukkel

name-dropping > namneskvetting

Kjelde: NRK Debatten, 11. november 2021.

Del 3: Ikkje alltid like lett

  1. Nokre gonger får importordet ei litt anna betydning enn det norske ordet, slik at det tilsynelatande beste avløysarordet kanskje ikkje blir så godt likevel.

    • Betyr til dømes orda "shoppe" og "handle" det same for deg?

    • Kva med orda "sneakers" og "joggesko"?

  2. Nokre gonger skaper eksisterande ord og skrivemåtar hindringar for norvagiseringar. Kan du tenkje deg kvifor det ikkje er så lett å norvagisere det engelske ordet "kick", som i "å kicke på noko" eller "gi nokon eit kick"?

Del 4: Foreslå eigne norvagiseringar og fornorskingar

  1. Foreslå skriftlege norvagiseringar av orda under.

  2. Foreslå munnlege norvagiseringar av orda under.

  3. Foreslå fornorskingar av orda under der det er relevant.

offside, jeans, å chille, å fake, å hoste (fest/party), eit must, research, selfie, sneakers, likes

Oppgåve 2: Meir om norvagisering av engelske lydar

Mange av dei engelske orda vi har importert til norsk frå engelsk, har etter kvart fått ein norvagisert uttale.

Til dømes har mange ord med diftong som på engelsk blir uttalt /ei/, fått norsk diftong:

  • anten /ei/ > /ai/: trailer, raid, spray

  • eller /ei/ > /æi/: container, tape, straight

Dessutan har ord med engelsk r-lyd gjerne fått norsk r-lyd. Den engelske r-lyden er den du lagar ved å løfte tunga litt opp mot ganen mens du krøllar tungespissen bakover, mens norsk r-lyd er i dei fleste dialektar rulle-r eller skarre-r:

  • røff, frik, sorry, brife, cruise

  1. Korleis uttaler du engelske importord med /ei/-uttale dersom du bruker dei i ei setning med norske ord? Sjå til dømes på orda under:

    1. å save, å fade, å fake, å trade, å maile, stayer

  2. Korleis uttaler du r-en i følgjande ord dersom du bruker dei i ei setning med norske ord?

    1. å streame, bro, power, stayer, stalker, å rappe (musikk), streake

  3. Korleis blir det i framtida, trur du? Blir /ei/-uttalen etter kvart endra til /ai/ eller /æi/, eller får norsk ein ny diftong?

  4. Kva trur du skjer med r-uttalen i norsk i framtida?

Oppgåve 3: Eksperiment med avløysarord

Gjer oppgåva i heile klassen eller i større grupper.

Gå saman om eitt eller to avløysarord som de blir einige om å bruke konsekvent i ein periode på nokre veker. Det kan vere lurt å velje ord de trur har ein sjanse til å bli "godtekne".

Etter at eksperimentet er over, kan de reflektere over det følgjande:

• Korleis kjendest det?

• Kva slags reaksjonar fekk de?

• Klarte nokon å spreie ordet slik at andre også byrja å bruke det?

• Kva er med på å avgjere om eit avløysarord spreier seg?

Relatert innhald

Fagstoff
Vil norsk døy?

Vil norsk døy og bli erstatta av engelsk? Vi ser nærare på kva som kjenneteiknar eit utryddingstrua språk, og på eventuelle konsekvensar av domenetap.

Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2022