Kva er skilnadene mellom talespråk og skriftspråk?

Munnleg kommunikasjon
Samtalen er den verbale kommunikasjonsforma vi lærer først. Han er dialogisk, det vil seie at vi kan gi kvarandre tilbakemeldingar undervegs. Derfor treng vi ikkje alltid uttrykkje oss heilt utfyllande og presist. Vi er heller ikkje avhengige av orda aleine. Vi kan til dømes peike på personar og gjenstandar, vi kan demonstrere ein arbeidsprosess, og vi kan bruke kroppsspråket – blikk, ansiktsuttrykk og gestar – for å klargjere kva vi meiner. Vi utnyttar med andre ord her-og-no-situasjonen eller konteksten.
Skriftleg kommunikasjon
Skriftspråket tillet oss å kommunisere uavhengig av tid og stad. Vi kan kjøpe ei bok i bokhandelen, ta ho med på stranda og lese ho der. Vil vi ikkje lese boka straks, kan vi setje ho i bokhylla og ta ho fram igjen etter nokre dagar, månader eller kanskje år. Skrift er kommunikasjon på boks, teksten er gjord haldbar. Ulempa med denne "konserveringsmetoden" er at skrivaren mistar den direkte kontakten med lesaren. Vi seier derfor at skriftleg kommunikasjon er monologisk. Vi må uttrykke oss meir presist og utfyllande når vi skriv, nettopp fordi vi ikkje kan gi lesaren tilbakemelding undervegs.
Talemål og identitet
Skriftspråket må vi lære på skulen, mens talemålet så å seie kjem av seg sjølv. Vi lærer det omtrent frå vi er fødde, og vi har det felles med familie, venner og med alle som bur på same stad som oss. Derfor oppfattar vi talespråket ikkje berre som eit verktøy for kommunikasjon, men òg som ein viktig del av identiteten vår. Talemålet fortel kven vi er.

Normering
Med skriftspråket er det annleis. Vi kan godt ha ein personleg stil når vi skriv, men vi er innstilte på at vi må følge felles normer for korleis ord skal skrivast og bøyast. Vi kan ikkje utan vidare skrive som vi snakkar, utanom i personlege sjangrar som sms-ar, blogginnlegg eller meldingar i sosiale medium.
Ei fast norm for skriftspråket har klare praktiske fordelar. Vi kan mellom anna lese og forstå tekstar mykje raskare dersom orda alltid blir stava likt. Når alle følger den same skriftnorma, unngår vi at skrivemåten kjem i vegen for forståinga og kommunikasjonen.
Samstundes er det viktig at det ikkje er så stor avstand mellom talemål og skriftspråk at skriftspråket kjennest framandt og vanskeleg å bruke. Då dansk var skriftspråk i Noreg, sleit dei fleste med å skrive korrekt, for rettskrivinga samsvarte ikkje med norsk uttale. Også ordtilfang og formverk var til dels nokså ulike frå norsk talemål.
Normer for skrift, men ikkje for tale
I Noreg har vi i dag to offisielle, normerte norske skriftspråk: bokmål og nynorsk. Talemålet derimot er vi ikkje så opptekne av å normalisere. Her i landet har vi kultur for å bruke dialekten vår, og sjølv om vi snakkar ulikt, forstår vi kvarandre stort sett godt. Ein sørlending kommuniserer fint med ein finnmarking, endå dei to bur meir enn to tusen kilometer unna kvarandre.
Det er først og fremst scenespråket som har blitt normert i Noreg. Dessutan har NRK brukt normert talemål i heilt sidan institusjonen blei grunnlagd i 1933. Men dette biletet har forandra seg sterkt: I dag er det heilt vanleg å høyre dialekt på teaterscener rundt om i landet og i radio og fjernsyn.
