Snakk som ein viking
Del 1: Trace – ein film med norrøn tale
Markus Dahlslett ønskte å gjenskape det norrøne språket då han skulle lage kortfilmen Trace. Men han visste eigentleg ikkje korleis vikingane snakka. Les om filmen på nettsida Gemini.no og svar på spørsmåla:
- Kvifor syntest Dahlslett det var så viktig at personane i filmen snakka norrønt?
- Korleis gjekk han fram for å gjenskape norrønt?
- Kva for utfordringar møtte han på i arbeidet?
Del 2: Sjå filmen
Sjå filmen (lengde 33:47) og diskuter:
- Synest de regissøren lykkast med å skape autentisitet, slik han seier han ønsker i intervjuet?
Hadde filmen gjort eit annleis inntrykk med norsk eller engelsk tale? Korleis då, i så fall?
Del 3: Lydar i norrønt
I filmen Sǫrla þáttr eða Heðins saga ok daHǫgna (lengde 3:49) er det norrøne språket forsøkt rekonstruert. Lytt til filmen og gjer oppgåvene under:
- Noter ned lydar du høyrer som du ikkje kjenner igjen frå moderne norsk.
- Sjå filmen ein gong til og prøv å skrive ned kva for bokstavar som representerer lydar du ikkje kjenner igjen frå norsk.
Diskuter med sidemannen: Kva for forskjellar la de merke til?
Del 4: Snakk som ein viking
No skal de prøve å snakke som vikingane. Under finn du eit utdrag frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Det er ein scene der hovudpersonen Gunnlaug er i kamp mot fienden sin, Ravn.
- Gå saman to og to og les teksten høgt for kvarandre. Gjenta heilt til de synest de får ein god flyt i språket.
- Torer nokon å lese høgt for klassen? Les gjerne med innleving.
Norrønt | Norsk |
|---|---|
Hermundr heilt skildi fyrir Gunnlaug, bróður sinn, ein Svertingr Hafr-Bjarnarson fyrir Hrafn. Þrem mörkum silfrs skyldi sá leysa sik af hólminum, er sárr yrði. | Hermund heldt skjoldet for Gunnlaug, bror sin, og Sverting Havr-Bjørnsson for Ramn. Den som blei såra, skulle løyse seg av holmen med tre merke sølv. Ramn skulle hogge først, for han var utfordra. Han hogg i overkanten av Gunnlaug sitt skjold, og sverdet hans brast straks sund ved hjaltet, for hogget var ført med stor styrke. Odden spratt opp frå skjoldet og kom i kinnet på Gunnlaug og rispa han. Då sprang frendane deira og mange andre menn imellom. Då sa Gunnlaug: "No meiner eg Ramn har tapt, for han er våpenlaus." |
Del 5: Islandsk og norrønt
Diskuter desse påstandane i klassen:
- Norrønt og islandsk høyrest heilt likt ut. Språket på Island har ikkje forandra seg sidan vikingtida.
- I tidleg vikingtid snakka alle menneske i Norden same språket (i tillegg til samisk, då).
- Det var danske vikingar som tok med seg det norrøne språket til Færøyane og Island.
Var de ueinige om nokon av påstandane? Lær meir om forholdet mellom norrønt og islandsk i filmen under (lengde 8:02).