Utforsk karakterar i tekstar

Innleving i karakterar
Gjennom alle tider har vi menneske latt oss underhalde og søkt meining og trøyst i forteljingar. Vi identifiserer oss gjerne med personar vi blir kjende med gjennom film og litteratur. Sjølv om dei lever andre liv, kan vi kjenne oss igjen i sorger, gleder og utfordringar dei møter. Vi kan få empati for personane og føle at vi gjennomlever det same som dei. Nokre karakterar set spor og gir oss erfaringar som vi tek med oss vidare.
Diskuter i grupper
Kva knyter de til desse karakterane?
Gunnlaug Ormstunge frå sagalitteraturen
Oskeladden frå folkeeventyra
Nora frå Ibsens skodespel Et dukkehjem
Batman frå teikneseriar og filmar
Gollum frå bøkene og filmane om Ringenes Herre
Del 1: Utforsk og studer éin eller fleire karakterar
Vel éin eller fleire av karakterane og set deg inn i kva slags karaktertrekk dei har. Du må bruke fleire kjelder for å finne ut meir om personlegdommane.
Svar så på spørsmåla:
Kva får du vite om utsjånaden til karakteren?
Kva for sentrale eigenskapar har karakteren?
Korleis stiller karakteren seg til andre menneske?
Korleis stiller karakteren seg til omgivnadene sine?
Kva fortel karakteren og forteljingane oss om den tida dei blei skapte i?
Filmklipp med ein kort presentasjon
Del 2: Skriv ein personkarakteristikk
Kva uttrykker personen i teksten? Når du skal analysere litteratur eller film, bør du undersøke korleis personane blir framstilte i teksten, og kva funksjon dei har.
Jobb vidare med karakteren du valde i del 1 og skriv ein personkarakteristikk. Då skal du presentere personen og bruke svara frå del 1 til å skrive ein objektiv og samanhengande tekst.
Del 3: Samanlikn to karakterar
Det å samanlikne tekstar er ein viktig del av norskfaget. I denne oppgåva konsentrerer vi oss om personskildringa.
Vel to karakterar frå del 1 eller samanlikn ein av dei med ein karakter du kjenner frå før. Då kan du velje ein karakter som fasinerer deg frå ei bok, ein serie eller ein film.
Bruk spørsmåla i del 1 som eit utgangspunkt for å undersøke likskapar og forskjellar mellom karakterane. Formuler svaret ditt i ein samanhengande tekst.
Les om korleis du samanlikner i fagartikkelen "Korleis samanlikne karakterar?".
Relatert innhald
Om personskildring i episke tekstar




