Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Tekstbindarar

Lær om tekstbindarane som skaper flyt i språket.

Kva er ein tekstbindar?

Tekstbindarar er ord og uttrykk som skaper logisk samanheng i teksten slik at det blir lettare å forstå han. Vi skaper samanheng når vi tydeleggjer opprekningar, alternativ, motsetningar, likskapar, årsaksforhold og tidsrekkefølge. Tekstbindarar skaper flyt og fører lesaren vidare i teksten. Les meir om å skape flyt i teksten.

Her finn du døme på tekstbindarar du kan bruke for å skape samanheng og god flyt.

Tekstbindarar som uttrykker opprekning

  • vidare

  • i tillegg

  • dessutan

  • blant anna

  • til dømes

  • for det første, for det andre

  • først

  • så, deretter

  • sist, men ikkje minst

Tekstbindarar som beskriv alternativ

  • eller

  • enten – eller

  • verken – eller

Tekstbindarar som uttrykker motsetningar

  • men

  • i motsetning til

  • i kontrast til

  • medan

  • derimot

  • likevel

  • tvert imot

  • trass i, til tross for

  • på den eine sida / på den andre sida

Tekstbindarar som uttrykker likskap

  • i likskap med …

  • felles for … er at …

  • det same ser vi i …

  • også i dette diktet …

  • en fellesnemner for … er …

  • gjennomgåande i begge tekstene er …

Tekstbindarar som uttrykker årsaksforhold

  • derfor

  • av den grunn

  • fordi

  • altså

  • dersom – så, viss – så

  • på denne måten, slik

  • slik at

  • for at

  • kjem av

  • fører til

  • gjer at

Tekstbindarar som uttrykker rekkefølge i tid

  • først

  • deretter

  • etterpå

  • da/då

  • til slutt

  • sist

  • seinare

  • etter at

  • før


Relatert innhald

Skap flyt mellom setningane

Eit magisk triks for å skape god flyt i teksten din er å binde saman både setningar og avsnitt. Lær deg korleis du gjer dette.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.12.2025