Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Tilleggsstoff

Eigenvurdering og vidare utfordringar

Når du har gjennomført læringsstien «Møt eit dikt», kan du gå vidare med ei eller fleire av desse oppgåvene.

Oppgåve 1. Friskriving

Du har no fått eit godt inntrykk av korleis forfattaren skildrar motivet og bruker ulike verkemiddel for å belyse temaet i diktet. Skriv fritt i ti minutt om motiv, tema og dei viktigaste verkemidla.

Oppgåve 2. Refleksjonsskriving

Bruk fem til ti minutt på å vurdere kva du har lært under arbeidet med læringsstien. Skriv ned vurderingane dine.

  1. Kva kunne du frå før? Kva nytt har du lært?
  2. Finst det noko som du framleis opplever som vanskeleg eller uklart? Prøv i så fall å forklare kva det er du strever med.

Oppgåve 3. Samanlikning av to dikt

No skal du ha fått god innsikt i korleis ein les for å analysere dikt. Dersom du vil ha ei ny utfordring, kan du til dømes samanlikne diktet du nettopp har lese, med diktet "Skyggen" frå diktsamlinga Lysår av Åse-Marie Nesse. Du finn boka og diktet på bokhylla.no.

Oppgåve 4. Skriv ein diktanalyse

Skriv ein samanhengande analyse av diktet du nettopp har analysert. Skrivetips finn du i læringsstien "Slik kan du skrive ein diktanalyse".

Skrive av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist oppdatert 15.04.2026

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Møt eit dikt!

Gå til faget: Norsk (SF vg1)

Gå til emne: Lyrisk dikting