Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Nærlesing linje for linje

Undersøk korleis ordval, biletbruk og andre verkemiddel belyser temaet i eit dikt.

Oppgåve

Diktaren må velje alle ord med omhu. Korleis har Petter Solberg gjort dette for å formidle temaet i diktet "Mareritt i eventyrskogen"?

Del 1: Finn temaet i diktet

Les diktet. Kva handlar det eigentleg om? Diskuter med ein medelev og skriv ned kva for tema de blir einige om.

Mareritt i eventyrskogen

Høstløv skriker
mot utslitte såler
Røtter famler i tåke
ut fra en stamme, rynket
Blødende klippevegger
løper langs en eng som sover
og kaster steiner på lille Rødhette
Den gode slutten ligger gjemt mellom to permer
fordekt av urokkelig sannhet
Nissen er avslørt

Bestemor har råtnet
drømmene er borte
barnehender søker
over kistelokket
Husker en siste gang
før fornuften glemmer

Tekst: Petter Solberg / Avgrensa gjenbruk

Del 2: Les diktet linje for linje

Prøv å skildre korleis motiv, ordval og andre verkemiddel er med på å få fram det du meiner er temaet. Skriv ned stikkord.

Del 3: Samanlikn med dei andre på gruppa

Kva er det de har oppfatta likt? Er det nokre gode idear og refleksjonar frå dei andre som du vil ta med deg vidare? Noter dei.

Litt hjelp?

Dersom du synest dette er ei vanskeleg oppgåve, kan du ta ein titt på forslaga våre under. Men prøv helst også på eiga hand! Det er din tenkejobb som er viktig her, og diskusjonane i gruppa, for det er slik du lærer mest.

Forslag til løysing

Vi har gått ut frå at temaet i diktet kan vere avskil med barndommen, eit avskil som forårsakar sorg og skuffelse.

Tittelen: Mareritt i eventyrskogen

Ein pekepinn om tematikken! Kontrast: marerittt vs. eventyrskogen.

Mareritt = vond draum. "Eventyrskogen" – ein stad der alt endar godt?

Verselinje 1–7:

Skildring av eit landskap. Det er haust og tåke. Nokon går ute i tåka.

Besjeling som viktigaste verkemiddel: Landskapet lever, men det stråler ut sorg (lauvet skrik), utryggleik (røtene famlar i tåke) og sinne (veggene kastar steinar).

Raudhette er ein viktig skikkelse i dette diktet. Ho er barn og ho tilhøyrer eventyrverda. Raudhette står for barnet som trur på den gode slutten (symbol).

Raudhette blir kasta stein på = Ho opplever noko vondt og skremmande.

Verselinje 8–9:

God slutt berre i bøker? "Fordekt av urokkelig sannhet" = sanninga kan ikkje forandrast, og den gode slutten taper mot sanninga. Kontrast.

Sentralt språkleg verkemiddel her: Personifikasjon - gjer abstrakte omgrep som slutt og sanning til noko handfast vi kan sjå for oss. Adjektiva er også med på å vekke kjensler: den gode slutten, den urokkelege (= strenge) sanninga.

Verselinje 10:

Nissen: ein fantasiskikkelse som små barn oppfattar som verkeleg, til dei skjønner at nissen er ein vaksen som har kledd seg ut. Stemninga i diktet som heilskap gjer at setninga får ei sterkt negativ tyding.

Er nissen eit symbol som står for barnet sin måte å sjå verda på, akkurat som Raudhette? Men setninga formidlar også ei kjensle av å ha blitt lurt?

Verselinje 11–12:

Dei seks siste linjene i diktet skildrar ein slags gravferdssituasjon.

Allusjon til eventyret om Raudhette, men også kontrast: Bestemor til vesle Raudhette i eventyret fekk leve.

Er draumane her det same som fantasiverda der alt går bra?

Verselinje 13–14:

Er dette eit minne? Eller ein draum? Eller er det vesle Raudhette som tar avskil med bestemor? Metonymi: fokuserer på det viktigaste, barnet som rører ved kista.

Verselinje 15–16:

Personifikasjon: "Fornuften glemmer." Når barnet forstår at døden er noko endeleg, har det begynt å bruke fornufta og tenkje som dei vaksne. Men fornufta syter også for at barnet mistar eller gløymer illusjonen om ei trygg verd der alt endar godt.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist oppdatert 04.02.2026