Kva kan vere temaet i diktet?

Diktet
Diktet de skal arbeide med er "Mareritt i eventyrskogen" av Petter Solberg.
Når de har blitt kjende med diktet ved å lese det høgt for kvarandre, er de klare til å finne ut kva som kan vere temaet i diktet.
Del 1: Snakk i grupper
Set dykk ned i firargrupper utan å snakke saman. Framfor dykk har de eit blankt ark kvar. Skriv ned kva slags førsteinntrykk linjene har gitt dykk:
Kva slags kjensler vekte linjene?
Kva trur de diktet handlar om?
Var det noko spesielt de la merke til ved ordbruken?
Del 2: Samanlikn i gruppa
Har de fått same førsteinntrykket?
Legg særleg vekt på kjenslene og stemninga linjene har vekt hos dykk.
Del 3: Samanlikn i klassen
Har alle i klassen fått eit ganske likt førsteinntrykk, eller finst det ulike oppfatningar?
Del 4: Les diktet høgt
Få ein gruppemedlem til å lese diktet høgt for gruppa.
Del 5: Fullfør setninga
Snu arket de har notert på.
Fullfør denne setninga: "Eg trur diktet handlar om …"
De har lov til å legge til inntil tre ord.
Del 6: Les diktet høgt igjen
Få ein annan på gruppa til å lese diktet høgt ein gong til.
Del 7: Fullfør setninga
Alle skriv denne setninga ein gong til:
"Eg trur diktet handlar om …"
Kanskje de skriv dei same orda som sist. Kanskje de har endra oppfatning etter å ha høyrt diktet for andre gong?
Del 8: Samanlikn
Har nokon av dykk valt dei same orda?
Alle på gruppa forklarer kvifor dei skreiv ned nettopp det dei gjorde.
Del 9: Oppsummer i klassen
Klarer de å komme fram til ei felles oppfatning av kva diktet kan handle om?
Eller er de heilt usamde?
Relatert innhald
Dikt av Petter Solberg