Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Diktvandring i klasserommet

Ein fin måte å bli kjend med eit dikt på er denne: Pugg først ei linje, gå deretter rundt i klasserommet og sjå kvarandre i auga mens de framfører linja for andre i klassen.

Del 1: Lær deg ei linje

Under får de ti utdrag frå eitt og same dikt. Kvar elev i klassen får eitt av utdraga (ei linje) å jobbe med.

  1. Alle skriv ned linja dei skal lære på eit ark.

  2. Lær linja utanåt og øv på ein måte å framføre på som passar til teksten. Overdriv gjerne litt!

  • Du kan til dømes bruke låg stemme, glad stemme, intens stemme, kviskre, snakke fort eller seint.

  • Legg merke til korleis stemmebruken kan endre innhaldet i det du seier.

Del 2: Siter for kvarandre

  1. Gå rundt i klasserommet og siter utdraga for kvarandre.

  2. Lytt godt og prøv å legge merke til ordbruk og stemning.

Målet er å snakke med så mange som mogleg. Då får alle høyrt alle delane av diktet opptil fleire gonger.

Du får tips om korleis du kan variere stemma i fagartikkelen "Bruk stemma som verkemiddel".

Utdraga

  1. den gode slutten ligger gjemt mellom to permer

  2. husker en siste gang – før fornuften glemmer

  3. og kaster steiner på lille Rødhette

  4. barnehender søker over kistelokket

  5. røtter famler i tåke ut fra en stamme, rynket

  6. bestemor har råtnet – drømmene er borte

  7. blødende klippevegger – løper langs en eng som sover

  8. nissen er avslørt

  9. høstløv skriker – mot utslitte såler

  10. fordekt av – urokkelig sannhet

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 06.11.2025