Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Finpuss av teksten

Siste runde med tekstarbeid handlar om øyrekontroll, rettskrivingssjekk og ryddig presentasjon. Her får du nokre tips.

Øyrekontroll

  • Les teksten din høgt. Då oppdagar du fort om det er noko som skurrar eller øydelegg leseflyten.
  • Bruker du mange munnlege småord som "jo, liksom, kanskje, mogleg"? Då bør du fjerne dei. I ein skriftleg analyse skal språket vere så fagleg og presist som mogleg. Eit for munnleg preg på teksten vil svekke truverdet.

Sjekk samansette ord

Mange elevar slit med samansette ord, altså ord som består av to delar som skal skrivast saman, ikkje stykkast opp. For mange slike feil øydelegg leseflyten i teksten.

For å finne svar på om eit ord skal skrivast i to ord eller saman, kan det vere lurt å ta ein tydeleg pause mellom orda når du les dei høgt. Høyrest det kunstig ut med ein pause, er sannsynet stort for at ordet skal skrivast i eitt. Les gjennom teksten din og ta pausar. Kanskje oppdagar du nokre særskrivingsfeil?

Sjekk oppsett og utsjånad

Den grafiske framstillinga er òg viktig for inntrykket lesaren får av teksten din. Sjå derfor på han med eit kritisk blikk, eller vis han til ein annan elev.

  • Ser teksten din ryddig ut?
  • Har du brukt skrifttypen, skriftstorleiken og linjeavstanden som oppgåva ber om? På eksamen er det Times New Roman, skriftstorleik 12 punkt og linjeavstand 1,5 som er standard.
  • Har du hugsa å gi overskrifta di ein litt større skriftstorleik?
  • Kva med markering av nytt avsnitt? Eit nytt avsnitt skal markerast med ei heil blank linje.
Skrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist oppdatert 30.12.2025