Personskildring i romanar

Gå tett på karakterane
No er det på tide å sjå litt nærare på karakterane i den romanen du har valt å lese, særleg på hovudkarakteren. Les i romanen din i 20 minutt og gjennomfør deretter oppdraga nedanfor.
Oppdrag 1. Forklar fagomgrep
Når du blir beden om å skrive ein personkarakteristikk (ein karakteranalyse), treng du nokre sentrale fagomgrep som arbeidsverktøy. Sjå på fagomgrepa som er lista opp nedanfor og forklar dei med eigne ord. Skriv ned forklaringa di.
- karakter
- direkte personskildring
- indirekte personskildring
- persongalleri
- hovudperson
- biperson
- type
- individ
- statisk karakter
- dynamisk karakter
Dersom du ikkje hugsar desse omgrepa så godt, kan du lese kort om dei først i fagartikkelen "Personskildring".
Gå gjerne saman med sidemannen og samanlikn forklaringane dykkar. Deretter skal de tenke gjennom denne påstanden og prøve å grunngi han:
Når du skal skrive ein personkarakteristikk, er det særleg viktig å sjå på replikkvekslingar (dialogar).
Legg notata dine i mappa di og les i tjue minutt til i romanen din. Ha omgrepa om personkarakteristikk i mente når du les. Den neste oppgåva du skal løyse, handlar nemleg nettopp om personskildringa av hovudkarakteren i romanen.
Oppdrag 2. Lag ein karakteristikk av hovudkarakteren
Kven er hovudkarakteren i romanen du les, og korleis er han/ho? Bruk omgrepa du nettopp har lært i ein kort personkarakteristikk av hovudkarakteren.
Ta vare på denne teksten, og arkiver han i mappa di.