Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Tema og bodskap

Kva handlar romanen om – i tillegg til alle dei konkrete hendingane? Dette skal du undersøke no.

Litt om tema og bodskap

Handlinga i ein roman kan vi tolke som eit døme på noko meir allment, og dette allmenne bakanfor den konkrete forteljinga kallar vi for tema. Tema i ein roman kan til dømes vere forboden kjærleik, vennskap, det å bli vaksen, spelavhengigheit, tap av ein kjær person, skilsmisse og så vidare.

Alle tekstar er dessutan skrivne fordi forfattaren har eit behov for å formidle noko. Somme gonger har forfattaren eit klart ønske om å påverke lesaren gjennom det han eller ho skriv, og det kan ligge ein ganske tydeleg bodskap i teksten. Andre gonger skal teksten gi rom for ulike tolkingar, og det kan vere vanskeleg å peike på nokon eintydig eller klar bodskap.

Du kan lese meir om dette i fagartikkelen "Motiv, tema og bodskap".

Oppdrag 1. Leit etter tema og bodskap

No skal du skrive nokre setningar om kva du meiner kan vere temaet eller temaa i romanen du har lese.

  • Kva tema tek romanen opp?
  • Kan romanen formidle noko viktig til deg som ungdom i dag?
  • Har han ein klar bodskap til lesaren?

Oppdrag 2. Design nytt bokomslag

Tenk deg at du er ein grafisk designar og får i oppdrag å lage eit omslag til romanen du nettopp har lese. Korleis vil det sjå ut? Lag ditt eige utkast til eit omslag du meiner speglar det du ser som essensen i romanen. Kanskje kan du henge omslaget opp i klasserommet, eller på skulebiblioteket?

Skrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist oppdatert 30.12.2025