Oppgåve
Eg – ein lesar?!
Likte du å bli lesen for som barn? Er du glad i å lese sjølv? Når norsklæraren din set romanlesing på timeplanen, er då den første reaksjonen din "Jippi!" eller "Å nei!"? Her kjem det første, korte skriveoppdraget ditt: Skriv nokre ord om deg sjølv som lesar.

Oppdrag: Eg – ein lesar?!
Lese-erfaringane dine har mykje å seie for kor motivert du er til å kaste deg over nye tekstar. Skriv ein kort tekst på cirka 300 ord der du prøver å seie noko om kva haldningar du har til lesing.
- Kor godt liker du å lese, og kor mykje les du?
- Kva les du? Er det først og fremst oppdateringar på sosiale medium, eller er det òg aviser, bloggar, biografiar og romanar? Eller dikt?
- Kva forventningar har du til leseprosjektet du skal i gang med nå?
Ta vare på denne teksten. Du vil få bruk for han når du er ferdig med å lese romanen.