Oppgåve
Interaktivt innhald
Kva kan du om substantiv?
Oppgåve 1. Vel substantiva
Kva er substantiv av desse orda: Olav, svær, trekte, mann, løpetur, daglege, januar, Paris, kjærleik, forbetre, skriftlige, kalkulator, korleis, salt.
Oppgåve 2. Fellesnamn og eigennamn
Kva er eigennamn, og kva er fellesnamn? Vel rett alternativ.
Oppgåve 3. Kan du bøye substantiv?
Kva kan du om korleis du bøyer substantiv? Fyll inn rett form i tekstboksen.
Oppgåve 4. ABC-substantivspelet
Utfordre kvarandre til eit substantivspel. Sit saman i grupper på seks.
- Lag eit ark der alle bokstavane i alfabetet står til venstre og orda “fellesnamn”, "eigennamn", "menneske", "dyr", "gjenstandar” og "abstrakte substantiv" står til høgre.
- Ein i gruppa har arket framfor seg. Han/ho skal ha lukka auge. Venstre peikefinger skal falle ned på ein bokstav i alfabetet, høgre peikefinger på eitt av orda til høgre. Deretter opnar han/ho auga og seier til dømes "Eg vil ha eit fellesnamn på P!".
Førstemann på gruppa til å svare riktig får poeng. Hald på til førstemann når 10 poeng.