Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Ordklassar

Oppgåve
Interaktivt innhald

Kva kan du om bestemmarord?

Oppgåve 1. Finn bestemmerorda

Vi har fire typar bestemmarord: eigedomsord, peikeord, mengdeord, sjølv/eigen. Finn du alle bestemmarorda i historia nedanfor? Vel bestemmarorda.

Oppgåva i rein tekst

Då eg såg hunden hans, tenkte eg mitt. Denne hunden ville eg ikkje bråke med. Eg visste ikkje at det var ein slik hund han ønskte seg. Han hadde sett på fire ulike rasar, men den hunden han valde, var ein av dei største eg hadde sett. Alle dei tre andre var betre. Det var i alle fall mitt syn på saka. Men det var trass alt hans eige val.

Oppgåve 2. Kva for type bestemmarord?

Vi har fire typar bestemmarord: eigedomsord, peikeord, mengdeord, sjølv/eigen.

Alle orda nedanfor er bestemmarord, men kva for type bestemmarord er dei? Skriv inn rett type i tekstboksen.

Oppgåve 3. Fang orda først

Sit i grupper på fire. De treng eit ark, ein penn og ei saks.

  1. Skriv opp alle bestemmarorda på eit ark, klipp dei ut og plasser dei på ei bordflate med den blanke sida opp.
  2. Først skal de fange eigedomsord. Byt på å snu lappane ein og ein. Den som snur lappen, må trekke til seg handa med ein gong.
  3. Deretter er det om å gjere å fange bestemmarord først. Den som fangar lappen, får han. Viss du fangar ein lapp som ikkje er eigedomsord, får du minuspoeng.

Vinnaren av runden er den som sit igjen med flest lappar.

Gjer dette fire gonger: Ein runde med eigedomsord, ein med peikeord, ein med mengdeord og ein med sjølv/eigen.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 28.01.2026