Oppgåve
Interaktivt innhald
Kva kan du om adjektiv og adverb?
Oppgåve 1. Gradbøy adjektivet
Skriv inn rett gradbøying av adjektiva i boksane.
Oppgåve 2. Adjektiv eller adverb?
Kjenner du igjen adjektiv og adverb i ei setning? Test deg sjølv ved å setje orda inn i rett boks.
Oppgåve 3. På søken etter adjektiv og adverb
Lag ein tabell der det står "adjektiv" som overskrift i kolonnen til venstre og "adverb" i kolonnen til høgre. Bla opp på ei tilfeldig side i ein roman eller ei lærebok. Skriv ned alle adjektiva og adverba du finn på sida.
Kva blir det brukt mest av? Adjektiv eller adverb?
Oppgåve 4. Adverbhistorie
Det er gode sjansar for at du har vore med på adjektivhistorier i bursdagar eller på skulen. Men kva med adverbhistorier?
Lag kvar dykkar historie der adverba manglar. Gå saman i grupper på fire og få adverb frå dei andre i gruppa til historiene deira. Les høgt for kvarandre.