Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Kva gjer KI med språk og tenking?

Kva kan skje om du skriv mindre på eiga hand og lar ulike praterobotar skrive og tenke for deg?

KI – nokre viktige omgrep

Vi bruker omgrepet KI om veldig mykje. I denne samanhengen er det språkmodellar og praterobotar vi meiner. Her er ei forenkla forklaring på korleis dei tre sentrale omgrepa heng saman:

Kunstig intelligens (forkorta til KI eller AI)
KI er datasystem som kan utføre oppgåver vi vanlegvis reknar med krev menneskeleg intelligens. Det kan til dømes vere å kjenne igjen bilete, køyre bil eller forstå språk.
Språkmodell
Ein språkmodell bruker KI til å finne mønster i enorme mengder tekst. Han bruker statistikk for å føreseie kva ord som mest sannsynleg kjem etter det førre. Språkmodellen har inga bevisstheit, han berre reknar.
Praterobot
Prateroboten (chatboten) er programmet som gjer at du kan samhandle med språkmodellen på ein enkel måte. Han tek imot det du skriv, sender det til språkmodellen, deretter gir han deg svaret språkmodellen har rekna seg fram til.

Kva er skrivekompetanse?

Å skrive ein tekst krev mange ulike ferdigheiter. For det første må du kunne skrive setningar som er grammatisk riktige og har korrekt rettskriving. Du må kunne lage ein struktur på teksten som gjer at han er lett å lese og gir meining. I tillegg må du vite kva du kan skrive, til kven, når, kvar og på kva måte. Det er forskjell på å skrive ein beskjed til ein venn og ein rapport til sjefen din.

Kva med KI-generert tekst?

Ein praterobot har ikkje den skrivekompetansen som er beskriven over. Han bruker ein språkmodell som har statistisk kompetanse. Gjennom å ha lese ufattelege mengder tekst, har han lært mønstera i korleis språk er bygd opp, som til dømes grammatikk og setningsoppbygging. Han kan òg rekne seg fram til kva for ord som sannsynlegvis følger andre ord, og på den måten "gjette" seg fram til konteksten.

Men det er viktig å hugse at prateroboten ikkje "veit" noko, han har ikkje ei bevisstheit, erfaringar, kunnskapar eller refleksjonsevne. I motsetning til deg har han ingen intensjon bak teksten han leverer.

Kjedeleg og gjennomsnittleg tekst

Praterobotar gir deg tekstar som liknar andre tekstar. Ber du ein praterobot om å skrive ein jobbsøknad for deg, gir han deg ein søknad som er eit snitt av alle søknader han er trent på. Det betyr at teksten du får, sannsynlegvis kan fungere godt som ein jobbsøknad i seg sjølv, men han vil ikkje skilje seg ut. Du får ikkje vist kven du er. Tekstar du får frå praterobotar, vil mangle dei små språklege feila, dei originale metaforane eller rytmen i språket ditt som gjer at dine eigne tekstar skil seg frå andre sine.

I dei fleste tilfelle vil KI-genererte svar frå ein praterobot vere kjedelege og klisjéfylte fordi han gjentek ord og frasar som er mykje brukte i datamaterialet han er trent på.

Tenk over

Har du fått svar som du har tenkt må vere KI-genererte frå nokon? Kva var det i tilfelle som "avslørte" det?

Tren språkmuskelen!

Språk er ei ferdigheit som må trenast, akkurat som ein muskel. Om du alltid lar praterobotar velje orda for deg, sluttar hjernen din å leite etter presise formuleringar, eit variert språk og gode beskrivingar sjølv.

Du kan òg bli dårlegare til å bygge opp komplekse setningar eller forklare vanskelege tema heilt av deg sjølv, om du venner deg til å la prateroboten gjere den delen for deg. For forslaga du får, er ofte ikkje dårlege – det er trass alt ein språkmodell – men han følger visse mønster. Språkmodellen tenker ikkje sjølv, er ikkje kreativ og vil ikkje komme med nye tankar og idéar.

Tenk over og diskuter sitatet

Utfordringen ligger ikke i kunstig intelligens, men i menneskelig latskap. (Strümke, sitert hos Aarsæther & Jensen, 2026)

Å skrive er å tenke

Å skrive handlar ikkje berre om å produsere tekst av omsyn til teksten. Du skal formulere det du tenker og skrive det slik at andre forstår. Dei viktige stega heilt frå tanke, argument og fram til ferdig tekst tvingar deg mellom anna til å vurdere ordval og logikken i argumenta dine.

På same måten som at du blir slappare i språkmuskelen, blir du fort sløvare i evna til å tenke kritisk av å la praterobotar skrive for deg, fordi skriving og tenking heng uløyseleg saman. Les meir om dette temaet i fagartikkelen "Å skrive for å tenke".

Tenk over

I kor stor grad aksepterer du svara ein praterobot gir deg, og gir dei att utan å endre?

Skriv sjølv eller med støtte?

Forskar og forfattar Inga Strümke ved NTNU er ein av Noregs fremste ekspertar på kunstig intelligens. Ho tilrår å bruke språkmodellar til så få ting som mogleg:

Hvis du har fått i oppgave å skrive en rapport, så skal du skrive den selv. Det spiller ingen rolle om det er en venn eller kunstig intelligens som har skrevet den for deg. Man skal ikke utgi seg for å skrive noe man ikke har skrevet selv. (Strümke, sitert hos Aarsæther & Jensen, 2026)

Bruker du KI feil, går du glipp av læring, og innleveringane dine blir rekna for fusk. Det er slik at oppgåva du har fått, skal seie noko om du kan bruke praterobotar i skriveprosessen. For det er ikkje sånn at all bruk av kunstig intelligens i ein skriveprosess nødvendigvis er ein dårleg idé. Det kan du lese meir om i fagartikkelen "Bruk KI til å bli ein betre skrivar".

Valet er ditt

Svaret på kva KI gjer med språket og tenkinga di, ligg til sjuande og sist hos deg sjølv. Bruker du prateroboten som ein snarveg for å sleppe å tenke og sleppe å skrive, risikerer du at både språkmuskelen og tenkemuskelen din blir slapp.

Men du kan òg bruke ein praterobot til å utfordre tankane dine, be om motargument og leite etter svakheiter i argumentasjonen din. Han kan òg oppdage skrivefeil og dårleg flyt i teksten. Utfordringa er, som Strümke påpeiker, å overvinne latskapen.

Du må jo alltid kvalitetssikre, uavhengig av om du har brukt kunstig intelligens eller en brevdue. (Strümke, sitert hos Aarsæther & Jensen, 2026)

Kjelde

Aarsæther, A. & Jensen, T. (2026). Inga Strümke mener folk bruker kunstig intelligens feil. Henta 5. mars 2026 frå https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/folk-bruker-kunstig-intelligens-feil_-sier-forsker-inga-strumke-1.17398359

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 04.03.2026