Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

9 tips til framføringar

Her vil du få tips til kva du kan gjere for å lage meir interessante framføringar. Start med å sjå videoen der Ingeborg Vollan deler dei beste råda sine.
Video med tips til presentasjonar. Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-SA 4.0

Før du les

Desse fagomgrepa møter du i filmen og i artikkelen:

Målgruppe
Her: Målgruppa er dei som skal lytte og lære noko av foredraget.
Tilhøyrarar
Tilhøyrarar er dei som lyttar til eit foredrag.
Foredrag
Eit foredrag er ei munnleg framføring om eit emne.
Monolog
Ein monolog er når berre éin person snakkar lenge.

Nokre ordforklaringar til filmen

Nerdete
Å vere nerdete er når du er veldig oppteken av noko og bruker mykje tid på det.
Lysark
Eit lysark er sidene i ein digital presentasjon, også kalla ein slide.
Triks
Eit triks er lure ting du kan gjere for å få til noko.
Mental tid
Mental tid er det same som opplevd tid. Du kan til dømes oppleve at to minutt er ganske lenge iblant, mens andre gonger verkar det kort.
Klikkar
Her: Ein klikkar er eit verktøy du kan halde i handa for å byte til neste lysbilete i ein presentasjon.

Råda til Ingeborg Vollan i filmen

  1. Tenk over kven som er målgruppa for foredraget ditt, og at du skal fortelje dei ei historie. Kva treng dei av informasjon for å lære noko av deg?

  2. Lag ein presentasjon med mange og store bilete og ikkje så mykje tekst. Mykje tekst gjer at mottakaren les den i staden for å høyre kva du seier. Du kan gjerne lage eit ark med dei viktigaste poenga dine som tilhøyrarane kan få etter at du har halde foredraget.

  3. Øv – gjerne saman med nokon du kjenner. Øv både på det du skal snakke om og på det tekniske. Fungerer alt slik du har tenkt? Klarer du å vise fram presentasjonen din frå datamaskina?

Vanlege framføringar

Har du nokon gong brukt 90 minutt på å høyre andre i klassen halde foredrag? Kor mykje hugsar du eigentleg etter ein slik time? Slike foredrag kan fort bli veldig like: Elevane går opp framfor klassen og snakkar mens dei trykker seg framover på ein PowerPoint for så å gå ned igjen og setje seg. Etter timen hugsar ingen nokon ting av det nokon har sagt.

Mange gjer det nok på denne måten fordi dei trur det er slik læraren vil ha det. Men læraren din vil nok aller helst at dei andre elevane i klassen lærer noko av foredraget ditt. Her vil du få ei innføring i korleis du kan gjere framføringar meir interessante.

Kven er målgruppa?

Når du skal lage foredraget, er det lurt å tenke at dei andre elevane i klassen er målgruppa, ikkje læraren din. Korleis kan du presentere innhaldet for dei slik at dei vil lytte og forstå det du vil lære dei?

Metode 1: Engasjer medelevane dine

Eit godt tips for å få dei andre i klassen interesserte i foredraget er å dei. Dette kan vere både før, undervegs og etter framføringa.

Tips 1: Spel på det dei kan frå før

Skal du ha ein presentasjon om , kan du spørje medelevane dine kva dei kan om emnet frå før. Viss du skal snakke om , kan du spørje: "Kva for energikjelder trur de er gode for miljøet?" Skriv gjerne ned svar på tavla, så kan du snakke om dei undervegs i foredraget når det passar med det du skal seie.

Tips 2: Lag spørjekonkurranse

Skal du lage ein presentasjon som tek for seg mykje , kan du starte med fem enkle faktaspørsmål. Du kan til dømes lage ein som testar kor mykje medelevane dine kan om emnet frå før. Så kan du fortelje dei at dei får same quizen når foredraget er slutt. Kanskje kan du gi ein premie til vinnaren?

Tips 3: Still spørsmål undervegs

I staden for at berre du snakkar, kan du stoppe opp av og til og stille spørsmål. Sjå for deg at du lyttar på ei framføring om samisk språk, og du får spørsmålet: "Veit de om alle samar snakkar eit språk?". Då blir du tvinga til å tenke over spørsmålet. Når du får lyttarane til å tenke, hugsar dei betre.

Tips 4: Legg inn korte diskusjonsoppgåver

Prøv å legge inn ei lita diskusjonsoppgåve undervegs. Ho kan gjere dei andre elevane engasjerte. Viss temaet er press og stress, be klassen snakke med ein medelev i 30 sekund og bestemme kva som skaper mest press i livet deira.

Denne metoden er bra rett før du viser til forsking eller tal. Etter oppgåva viser du klassen statistikken. Kanskje det klassen tenker liknar på statistikken? Eller kanskje dei blir overraska over resultata? Dette kan gjere foredraget ditt meir interessant og engasjerande.

Tips 5: Ha avstemmingar

I staden for diskusjonar kan du òg ha avstemmingar og vise resultatet framfor klassen. Du kan telje hender eller bruke digitale program, som til dømes mentimeter.com.

Tips 6: Legg inn rollespel

Om de er fleire som skal framføre i ei gruppe, er det å legge inn små interessante "pausar" for dei som høyrer på. Viss du presenterer ein roman, ei novelle eller eit drama, kan de til dømes framføre ein scene frå teksten og kommentere han etterpå.

Metode 2: Vis fram det du skal presentere

Sjå på presentasjonen under. Tenk over om dette er tips du kan bruke når du presenterer i dei ulike faga dine på skulen. I nokre fag passar det til dømes veldig godt med illustrasjonar, i andre tidslinje.

Tips 7: Bruk illustrasjonar

Skal du halde eit foredrag om celler? Bruk illustrasjonar i staden for berre tekst. Når du bruker illustrasjonar, kan du peike og vise.

Tips 8: Bruk fargar

Skal du analysere litteratur eller samanlikne språk? Då kan du bruke forskjellige fargar for å vise ulike system du har lagt merke til.

Tips 9: Lag ei tidslinje

Skal du fortelje om noko som skjer over tid – noko som har ei utvikling? Bruk ei tidslinje for å vise korleis noko utviklar seg.

Opptakten til andre verdskrigen: Korleis og kvifor skjedde det?

1929

Økonomisk krise

1933

Hitlers første regjering

1940

Hitler og Mussolini

Kort sagt

  1. Tenk på målgruppa: Lag foredraget for klassekameratane dine, ikkje læraren.

  2. Bruk bilete: Bruk store bilete og ikkje mykje tekst i presentasjonen.

  3. Øv på det tekniske: Sjekk at teknikken fungerer og øv på kva du skal seie.

  4. Engasjer klassen:

    • Spør om kva dei veit frå før.

    • Lag ein quiz.

    • Still spørsmål undervegs.

    • La elevane diskutere.

    • Ha avstemmingar.

    • Bruk rollespel om de er fleire.

  5. Vis døme: Bruk illustrasjonar, tidslinjer eller andre visuelle hjelpemiddel som passar til temaet ditt.

Kjelde

Nilsen, R. (1929). Hverdagen. Gyldendal Norsk Forlag.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 24.09.2024