Lag presentasjonar

Oppgåve 1. Snakk fritt om ein ting
I denne oppgåva skal du øve deg på å snakke fritt, altså snakke utan å lese opp noko du har skrive.
Vel deg ein ting du vil snakke om og presentere for dei andre elevane. Det kan vere noko du tek med heimanfrå, noko som finst i klasserommet eller har liggande i sekken eller veska di. Det viktigaste her er ikkje tingen, men at du trenar deg på å snakke fritt.
Skriv ned nokre opplysningar om tingen du har valt. Du kan bruke stikkord.
Kva heiter tingen på norsk og på førstespråket ditt?
Kvifor har du valt å vise akkurat den tingen?
Kva bruker du tingen til?
Kva liker du ved tingen? Grunngi: "Eg liker han fordi ..."
Korleis ville du ha forandra på tingen, om du kunne? Grunngi: "Eg ville ha forandra på dette fordi ..."
Samanfatt med å forklare kva for nokre kjensler du har for tingen.
Del presentasjonen inn i tre delar: introduksjon, hovuddel med informasjon og oppsummering.
Introduksjon: Presenter deg sjølv og tingen du har med (punkt A og B).
Hovuddel: Kom med informasjon om tingen, kva han blir brukt til og så vidare (punkt C-E).
Oppsummering: Grunngi kvifor du liker denne tingen.
Les gjennom stikkorda. Prøv etter kvart å fortelje utan å sjå på det du har skrive. Somme liker å bruke fingrane til å telje og hugse alle punkta dei vil snakke om.
Presenter tingen framfor medelevar!
Døme på presentasjon
Her kan du sjå eit døme på det du kan ta med i ein presentasjon av ein ting. NB! Du skal ikkje bruke bilete, men vise tingen og snakke om han utan anna hjelp.
Oppgave 2. Pecha Kucha
Du skal bruke presentasjonsforma Pecha Kucha til å presentere landet du kjem frå eller ei interesse du har. I denne oppgåva skal du lage ein kort versjon som tek cirka to minutt med 6–7 lysark.
Bestem deg for kva tema du vil snakke om.
Skriv ned alt du kjem på om temaet som du har lyst til å snakke om.
Vel ut 6–7 stikkord og skriv dei ned på lappar – eitt stikkord på kvar lapp. Skal du snakke om staden du kjem frå, kan du til dømes snakke om språk, geografi, mat, klede og musikk.
Vel ut 6–7 bilete som illustrerer det du skal seie og hjelper publikum med å hugse det du skal snakke om.
Legg bileta inn i eit digitalt presentasjonsverktøy – eitt bilete på kvart lysbilete.
I par: Øv dykk på å snakke berre ved hjelp av bileta og lappane. Hugs at du berre skal snakke i 20 sekund til kvart bilete. Ta tida, slik at de ikkje bruker så mykje meir enn to minutt. Kanskje må du forandre på stikkordet på lappen, slik at du hugsar det lettare?
Presenter framfor klassen. Sjå om du klarer det heilt utan å bruke lappane med stikkord!
Litt om Pecha Kucha
Pecha Kucha er ei presentasjonsform der presentasjonen varer 6 minutt og 40 sekund, ved hjelp av 20 lysark/bilete som kvar berre kan brukast i 20 sekund.
Lysarka består av bilete, og bileta er med på å formidle bodskapen til den som snakkar. Lysarka inneheld vanlegvis ikkje tekst. Du kan sjå eit døme på ein slik presentasjon på pechakucha.com.
Lær meir om det å presentere
Treng du tips til å bli betre til å presentere? Sjå videoen og prøv deg på nokre av oppgåvene i ressursen "Bli god til å presentere". Der skal du bruke andre digitale presentasjonsverktøy.