Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv på å lage disposisjon

Les fagartikkelen "Disposisjon til foredrag" før du startar med oppgåvene. Der finn du døme på dei ulike delane av ein disposisjon og andre tips til korleis du kan få til eit godt foredrag.

Oppgåve 1. Planlegg ei framføring

Sjå for deg at du skal halde eit foredrag for klassen din om staden du kjem frå eller språket du snakkar. Nokre forslag er:

  • Førstespråket mitt

  • Høflegheit

  • Mat

  • Høgtider

  • Natur

Del 1: Vel tema

Skriv ned dei temaa du har lyst til å snakke om på eit ark. Hugs at det skal handle om staden du kjem frå eller språket du snakkar. Få hjelp av læraren din viss du er usikker på kva du skal velje.

Skriv ned til alt du tenker på rundt temaa. Vel det temaet du har flest stikkord til.

Del 2: Lag disposisjonen

  1. Sjå på stikkorda dine frå del 1 og tenk over: Kva er det viktigaste for deg å få fram? Vel deg ut tre som skal inn i hovuddelen. Kvart av desse momenta kan ha fleire stikkord, men pass på at du held deg til hovudtemaet.

  2. No skal du finne ut korleis du kan få tilhøyrarane interesserte heilt frå starten. Korleis innleier du?

    • Har du ei kort historie om noko du har opplevd?

    • Har du eit spørsmål som får dei til å tenke?

  3. Skriv ned stikkorda som hjelper deg med å hugse korleis du skal starte.

  4. Korleis avsluttar du? Dei som høyrer på, ventar antakeleg på at du skal

    • seie noko om kva du har tenkt rundt temaet, til dømes noko du har lært

    eller

    • gjenta det viktigaste i det du har sagt (men på ein ny måte)

  5. Igjen skal du skrive inn stikkorda som får deg til å hugse korleis du vil avslutte.

Bruk "Den gylne handa" når du skal det du skal seie inn i ein disposisjon. Bruk gjerne malen vi har laga. I dokumentet under ligg det òg eit døme på ein disposisjon.

Del 3: Sjekk om det fungerer

  • Gå saman i par og presenter for kvarandre. Det er berre lov å bruke disposisjonen med stikkord, ikkje noko meir. Prøv å ikkje sjå på stikkorda heile tida, men heller mest mogleg på den du sit saman med.

Det er ikkje viktig at det du seier blir heilt perfekt, for det du øver på her, er å snakke fritt utan å lese opp ferdig skriven tekst.

  • Hadde du gode nok stikkord? No kan du forandre på dei, legge til nokon eller ta bort nokon. Berre pass på at du ikkje skriv for mykje, for då er det lett at du begynner å lese opp i staden for å snakke fritt.

Oppgåve 2. Lag valfri tekst

Til læraren

I denne oppgåva legg vi opp til at elevane sjølv bestemmer både teksttype og tema, men du kan gjerne styre det meir. Vurder gruppa di, og kva dei treng støtte til. Kanskje kan dei til dømes få velje mellom å halde foredrag eller lage ein film, men temaet skal vere noko de nettopp har jobba med i timane.

Det er òg mange fordelar med at alle har felles hovudtema, mens gruppene kan velje / få tildelt undertema. Viss dei etterpå får velje teksttype sjølv, kan dei utnytte eigne styrkar.

Avslutt gjerne oppgåva med at alle viser fram det dei har laga.

Å lage ein disposisjon er smart same kva slags tekst du skal lage. Både foredrag, artiklar, digitale presentasjonar og filmar blir betre viss du har ein plan for innhaldet før du gjer ferdig produktet.

I denne oppgåva skal de jobbe i par med å først lage ein disposisjon til ein valfri tekst og så lage sjølve teksten.

Del 1: Idéar til teksten

  1. Vel eit tema de har jobba med på skulen i det siste. Spør gjerne læraren viss de ikkje kjem på noko. Skriv ned alt de tenker rundt temaet de har valt. Bruk stikkord. Her er det fint å skrive ned så mange idéar som mogleg.

  2. Tenk over korleis de kan dette til medelevar på best mogleg måte. Er det best å snakke fritt om temaet, bruke bilete eller lydar, eller passar det betre å skrive om det i ein artikkel? Skriv ned idéar de får når de diskuterer dette.

  3. Spør læraren om råd. Vis kva de har diskutert og be om .

Del 2: Planlegg teksten

Når de har valt teksttype, skal de lage disposisjonen. Bruk gjerne dokumentet vi har laga som utgangspunkt.

Del 3: Lag teksten

Bruk disposisjonen når de lagar teksten de har planlagt.

  1. Undervegs er det lurt å teste teksten på andre. Forstår mottakaren innhaldet? Får de fram det de ønsker?

  2. Ta imot og gjer endringar om det trengst.

  3. Vis den ferdige teksten til resten av klassen.

Relatert innhald

Disposisjon til foredrag

Lær å lage ein disposisjon, som er å skrive ned stikkord om kva du skal seie, og i kva rekkefølge.

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 25.10.2024