Seks råd for å bli betre til å skrive norsk

Del 1: Diskuter i grupper
De skal sjå ein film som gir dykk råd om korleis de skal bli gode til å skrive norsk. Målgruppa er de som har eit anna førstespråk enn norsk og skal lære å skrive godt.
Diskuter:
Synest de det er vanskeleg å skrive godt på norsk? I så fall: Forklar kvarandre kvifor.
Kva gjer de for å bli betre til å skrive norsk?
Viss de skal gi eit råd til ein som nettopp har komme til Noreg og skal lære å skrive norsk. Kva råd vil de gi då?
Filmen kjem med seks tips. Skriv ned kva for seks tips de trur filmen gir.
Del 2: Sjå filmen
Sjå filmen "Korleis bli god til å skrive norsk" (lengde 8:33).
Mens de ser, skal de skrive ned dei seks tipsa språkprofessor Joke Dewilde kjem med i filmen.
Del 3: Diskuter filmen
Sit i dei same gruppene som i del 1. Diskuter desse spørsmåla:
Fekk de med dykk alle dei seks råda? Gå gjennom og samanlikn det de noterte. Viss de er usikre, finn de dei seks råda i presentasjonen nedst i denne oppgåva.
Kva for nokre av desse seks råda hadde de skrive ned i del 1?
Kva råd hadde de ikkje skrive ned?
Kva for nokre av råda følger de no mens de lærer norsk?
Var det nokre råd de ikkje hadde høyrt før? I så fall kva for råd?
Del 4: Prøv råda
No skal de bruke råda frå filmen i praksis. De kan velje kva oppgåver de vil gjere, men de bør prøve minst to.
Oppgåve 1. Les mykje

Når Joke Dewilde seier at du skal lese mykje, meiner ho at du bør lese kva som helst. No skal du lese ein kort sakprosatekst. Legg merke til korleis språket er bygd opp.
Noter tre setningar der språket er meir formelt enn munnleg.
Skriv ned tre uttrykk frå fagartikkelen som du synest er nyttige når du skal skrive sjølv.
Skriv ein kort tekst (tre til fem setningar) der du prøver å bruke minst to av dei nye uttrykka du skreiv ned i punkt C.
Les tekstane dykkar høgt for kvarandre i par. Gi kvarandre tilbakemelding om språket.
Oppgåve 2. Skriv ofte

Dette er ei vekelekse:
Bruk 15 minutt kvar kveld til å skrive om kva du har gjort i løpet av dagen. Prøv å skrive litt meir for kvar dag! Dette blir starten på ei dagbok.
Etter ei veke med dagbokskriving diskuterer de i grupper:
Blei det lettare å skrive på dag sju enn på dag éin? Forklar.
Kunne du tenke deg å halde fram med dette? Kvifor eller kvifor ikkje?
Oppgåve 3. Øv på grammatikk

Spør læraren din kva du bør øve på i norsk grammatikk.
Be læraren om hjelp til å finne ei oppgåve. Bruk ein time på å øve deg.
Skriv ein kort reflekterande tekst på cirka 50 ord der du svarer på dette spørsmålet: Korleis kan det hjelpe meg å øve på grammatikk ofte?
Oppgåve 4. Reflekter over teksten din

Finn ein tekst du har skrive tidlegare. Det kan godt vere ein tekst du har fått tilbakemelding på frå ein lærar.
Les nøye gjennom teksten, gjerne høgt, og marker setningar du meiner kunne vore betre.
Gå i par med ein medelev og diskuter korleis de kan forbetre dei setningane de har markert. Spør læraren dykkar om de er i tvil.
Avslutt med å skrive ned det viktigaste du må jobbe med for å bli ein betre skrivar.
Oppgåve 5. Be om tilbakemelding

Åpne NDLAs praterobot. Du gjer det ved å logge inn på ndla.no og trykke på "Prøv NDLAs robotar". Vel "Elevhjelp".
Lim inn ein tekst du har skrive, og skriv: "Eg held på å lære norsk. Kan du gi meg tilbakemelding om kva eg er god til, og kva eg må øve meir på, etter at du har lese denne teksten? Skriv kort og enkelt med vanlege norske ord slik at eg forstår svaret."
Les tilbakemeldinga og bruk råda til å forbetre teksten din.
Diskuter med ein medelev: Kva fordelar og ulemper har det å bruke ein praterobot til å bli betre til å skrive?
Oppgåve 6. Våg å skrive

Skriv ein tekst der du fortel om tankane dine om å skrive på førstespråket ditt og om å skrive på norsk. Fortel kva du synest går greitt, og kva som er vanskeleg. Du skal skrive cirka 100–200 ord.
Del teksten din med to–tre elevar i klassen.
Les tekstane til kvarandre.
Gi kvarandre munnlege tilbakemeldingar på språk og innhald. Det er viktig at tilbakemeldingane er hyggelege.
Forbetre teksten din etter du har fått tilbakemeldingane.