Kulturmøte og identitet - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kulturmøte og identitet

Kva skjer med deg når du flyttar og møter ein ny kultur? Korleis påverkar flyttinga identiteten din?

Kvifor skal eg lære dette?

Temaet kulturmøte er ein viktig del av norskfaget. Denne fagartikkelen handlar om kulturmøte som skjer når nokon flyttar frå eit land til eit anna. Årsaka til at du skal setje deg inn i dette lærestoffet, er at mange av de som følger læreplanen for kort butid, kan kjenne dykk igjen i temaet.

Bruk denne fagartikkelen som teori når du skal snakke om kulturmøte i klassen eller skrive om kulturmøte i tekstar.

Fagartikkelen viser til forsking og teori, men språket er tilpassa deg som held på å lære norsk.

Under fagartikkelen kan du finne lenker til tekstar som handlar om kulturmøte.

Gjer gjerne oppgåvene i "Kulturmøtet mitt med Noreg" før du les denne artikkelen.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:

Kultur
Her: Kultur er eit omgrep vi bruker om verdiar og idéar som menneske deler. Vi kan til dømes snakke om "den norske kulturen", "fotballkultur" og "popkultur".
Kulturmøte
Kulturmøte er når to eller fleire kulturar møtest.
Etnisitet
Etnisitet betyr at menneske høyrer saman som ei folkegruppe fordi dei har same historie, språk, kultur og kjem frå same område. Eit døme på bruk i ei setning kan vere: "I Noreg bur det folket med mange ulike etnisitetar".
Sosialisering
Sosialisering er det som som skjer når du lærer normer (uskrivne reglar) og verdiar. Sosialisering skjer både i familien, på skulen, blant venner og på internett.
Minoritet
Minoritet betyr mindretal. Viss det er mindre enn 50 % av ei etnisk folkegruppe i eit land, er dei ein minoritet. Vi kan til dømes seie: "Afghanarar er ein minoritet i Noreg".
Majoritet
Majoritet betyr fleirtal, at det er meir enn 50 % av noko. I Noreg er til dømes den norske befolkninga ein majoritet.
Kultursjokk
Kultursjokk er noko menneske kan oppleve når dei møter ein ny kultur. Å få eit "sjokk" betyr at du blir veldig overraska.

Kultur

Ordet kultur bruker vi om idéar og ei gruppe menneske deler. I gruppa har dei ein . Verdiane gruppa deler, påverkar korleis dei lever. Vi kan til dømes snakke om "ungdomskultur" og "popkultur". I denne fagartikkelen bruker vi ordet om nasjonalitet og . Døme er den norske kulturen og den somaliske kulturen.

Du er fødd inn i ein kultur. Gjennom oppdraging, opplevingar og blir du ein del av kulturen du veks opp i.

Kulturmøte

Viss du flyttar til eit anna land, møter du ein annan kultur. I denne nye kulturen vil du ofte vere ein som lever blant dei som er ein . Sidan du kjem frå ein annan kultur, har du kanskje andre verdiar og eit anna språk enn den nye kulturen du har flytta til.

Vi kan seie at det som skjer når du flyttar, er eit kulturmøte. Den gamle kulturen din møter ein ny kultur. For mange er dette møtet vanskeleg, og det kan ta tid å finne ut korleis du skal leve i den nye kulturen. For kva er eigentleg identiteten din når du er midt mellom to ulike kulturar?

Kultursjokk

I boka Identitet og tilhørighet. Om ressurser og dilemmaer i en krysskulturell oppvekst skriv forskar Lill Salole om korleis ungdom som flyttar til eit nytt land, kan oppleve kulturmøte. Ho kallar ungdommane for "krysskulturelle". Det er eit omgrep som viser at ungdommane er fødde inn i éin kultur, men har flytta til ein annan.

Ein av reaksjonane på flyttinga kan vere kultursjokk. Ho skriv: "Når man flytter, mister man sin gruppe, i alle fall deler av den" (Salole, 2013, s. 102). I tillegg seier ho at den som flyttar, må lære seg nye . Årsaka er at kodane er annleis i den nye kulturen.

Alt dette kan føre til kultursjokk. Du kjenner ikkje kodane og forstår ikkje kva eller kvifor menneska i landet oppfører seg som dei gjer, og kvifor dei seier det dei gjer. Kanskje har du òg mist status i det nye landet der ingen kjenner deg? Nokon synest det er vanskeleg å lære seg språket og komme inn i det nye skulelivet eller jobblivet.

Salole beskriv dette som kjensla av at både du sjølv og verdiane dine blir .

Korleis passe inn i den nye kulturen?

Lill Salole skriv vidare at studiar av ungdom som flyttar, viser at dei har tre ulike måtar å tilpasse seg den nye kulturen på:

1. Integrasjonsprofil

Nokre ungdommar hadde ein integrasjonsprofil. Det betyr at dei både beheldt den gamle kulturen, men òg tok til seg den nye.

2. Etnisk profil

Dei med etnisk profil var mest oppteken av den gamle kulturen. Dei var ikkje så opptekne av å lære seg normene og verdiane i den nye kulturen.

3. Nasjonal profil

Ein heilt annan profil hadde ungdommar med nasjonal profil. Identiteten forandra seg mykje, og dei identifiserte seg mest med den nye kulturen. Dei var mindre opptekne av og verdiane i den kulturen dei var fødde inn i.

Kulturmøte og identitet

Mens du har lese denne fagartikkelen, har du kanskje skjønt at kulturmøte og identitet heng saman. Det å forlate éin kultur og møte ein ny vil gjere noko med synet ditt på deg sjølv. Identitet er . Det betyr at måten du ser deg sjølv på, kan forandre seg.

Mange ungdommar har dessutan med seg foreldra sine når dei flytter til eit nytt land. Det er ganske vanleg at foreldre er meir opptekne av den gamle kulturen enn barna. Derfor vil mange ungdommar oppleve at det å gå inn og ut av døra heime, er det same som å gå inn og ut av to ulike kulturar. Korleis påverkar dette kulturmøtet identiteten til ungdommane?

Kjelde

Salole, L. (2013). Identitet og tilhørighet. Om ressurser og dilemmaer i en krysskulturell oppvekst. Gyldendal akademisk.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2024