Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Å skrive på andrespråket

Fagstoff

Kva betyr verba i læreplanen?

Når du får ei oppgåve på skulen, har ho ofte eitt eller fleire verb. Kva seier eigentleg desse verba, og kvifor er det så viktig å vite kva dei betyr?

Kvifor er det viktig å vite kva verba betyr?

Når du får ei oppgåve i norsk, bør du alltid legge merke til verbet i oppgåva. Viss oppgåva ber deg samanlikne noko, så er det viktig at du gjer nettopp dette, og ikkje noko anna.

Det er lett å gjere feil viss du ikkje forstår kva verba betyr. Derfor er det viktig å lære dei godt.

Kvar står verba i læreplanen?

Du finn dei fem verba i desse læreplanmåla:

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne

  • lese nyere egnet norsk og noe oversatt skjønnlitteratur, samtale om innhold, tema og språklige virkemidler og vurdere tekstene ut fra egne erfaringer og referanserammer

  • reflektere over hvordan tekster framstiller møter mellom ulike kulturer

  • gjenkjenne retoriske appellformer i egnede tekster, og reflektere over hvordan språk kan uttrykke ulike holdninger.

  • greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige tema muntlig.

  • sammenligne noen særtrekk ved norsk språk med eget morsmål eller andre språk eleven kjenner

  • gjøre rede for språklig mangfold i Norge og samtale om hvordan språklige møter kan skape språkendringer.

  • gjøre rede for utbredelsen av de samiske språkene i Norge, fornorskingspolitikken og de språklige rettighetene samer har som urfolk

Kva betyr verba?

Vi vil her forklare verba på ein enkel måte, for kva vil du gjere viss oppgåva ber deg om å

  1. gjere greie for bananar og eple

  2. drøfte kva som er best av bananar og eple

  3. vurdere kva som er best av bananar og eple

  4. reflektere over kva som er best av bananar og eple

  5. samanlikne bananar og eple

1. Gjere greie for

Å gjere greie for betyr å forklare, beskrive og gi informasjon. Du skal ikkje seie kva du sjølv meiner, men berre vise kva du veit om emnet.

Døme

Bananar er gule og veks i varme land. Dei smaker søtt og er mjuke. Eple veks i Noreg og kan vere raude, grøne eller gule. Eple er harde og og har ein frisk smak. Begge fruktene inneheld vitamin og er sunne.

2. Drøfte

Å drøfte betyr å sjå på fleire sider av ei sak, både og , utan å fortelje for tydeleg kva du sjølv meiner. Du skal skrive . Det betyr at du ikkje skal skrive "Eg meiner" og "Eg synest". I tillegg skal du vise at du kjenner til ulike .

Døme:

Ein fordel med bananar er at held seg reint fordi det har rundt seg. På den andre sida blir dei fort brune, og mange synest dei er for søte. Det med eple er at dei er og friske, men ulempa er at mange synest dei er for sure.

3. Vurdere

Å vurdere betyr å seie noko om kva som er bra, og kva som er dårleg, og komme med ei meining. Det er viktig at du forklarer kvifor du meiner det du gjer.

Døme:

Bananar er gode fordi dei er søte og enkle å ta med i matpakken, men dei blir fort brune. Eple held seg lenger og er sprø og friske. Eg synest eple er best fordi dei smaker litt ulikt og ikkje er så .

4. Reflektere

Å reflektere betyr å tenke over noko og vise at du ser . Du kan gjerne bruke eigne erfaringar og stille spørsmål i teksten.

Døme

Eg har ofte lurt på kvifor nokon alltid vel banan, mens andre liker eple betre. Kanskje handlar det om kva vi vaks opp med? Eg tenker òg at eple kjennest meir naturlege for meg sidan vi dei i Noreg. Kanskje fruktval handlar meir om enn smak?

5. Samanlikne

Å samanlikne betyr å vise likskapar og forskjellar mellom to ting. Du kan bruke ord som likt, ulikt, begge, mens, på den andre sida og så vidare.

Døme

Både bananar og eple er frukt og inneheld . Men mens bananar er søte og mjuke, er eple sprø og . Bananar må du , men eple kan du ete som dei er. Ein annan forskjell er at bananar kjem frå varme land, mens eple blir dyrka i Noreg.

Når oppgåva har fleire verb

Når du forstår kva verba i oppgåva betyr, blir det mykje lettare å skrive gode tekstar. Av og til kan ei oppgåve til og med innehalde fleire verb. Då er det viktig at du markerer verba slik at du svarer på alt oppgåva spør om.

Eit døme er:

  • Gjer greie for bananar og eple. Vurder så kva som er best av bananar og eple.

Oppsummering

Neste gong du får ei norskoppgåve, kan du sjå på dette:

  • Gjere greie for: Kva veit du?

  • Vurdere: Kva meiner du?

  • Drøfte: Kva er for, og kva er imot?

  • Reflektere: Kva tenker du, og kvifor?

  • Samanlikne: Kva er likt, og kva er ulikt?

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 14.05.2025