Øv på å skrive reflekterande om sakprosa
Før du gjer oppgåva
Før du gjer denne oppgåva, bør du lese fagartikkelen "Kva betyr det å reflektere over sakprosa?"
Del 1: Les om fleirspråklegheit
Les ein artikkel om fleirspråklegheit
Skriv med éin til tre setningar kva du meiner er bodskapen i artikkelen. Du kan bruke desse setningsstartarane:
Bodskapen i artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger" er ...
Dei tre språkforskarane som er intervjua seier at ...
Dessutan fortel forskarane at ...
Les ein reportasje om innvandrarar og språk
Les artikkelen "Ber foreldre snakke mer norsk med barna" på Klar tale.
Skriv kva som er Bøhlers bodskap, med ein til tre setningar. Du kan bruke desse setningsstartarane:
Politikaren Jan Bøhler meiner at ...
Den viktigaste årsaka til at han meiner dette, er at ...
Del 2: Diskuter i grupper

Gå saman i grupper og gjer desse oppgåvene:
Samanlikn det de har skrive. Snakk om innhaldet i tekstane for å vere sikre på at de har forstått dei.
Diskuter hovudsynet i tekstane. Er de einige eller ueinige? Grunngi svara dykkar.
Skriv ned to viktige argument for og to argument mot hovudsynet i kvar tekst.
Del 3: Oppgåva
Dei to tekstane de har lese, handlar om språk, fleirspråklegheit og identitet. No skal de skrive ein tekst der de reflekterer over innhaldet i tekstane.
Vel éin av oppgåvene under:
Vanskegrad 1
Forklar kva som er bodskapen i artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger". Reflekter deretter over korleis språk kan vere ein del av identiteten vår.
Vanskegrad 2
Forklar kva som er bodskapen i artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger" og i "Ber foreldre snakke mer norsk med barna". Reflekter deretter over samanhengen mellom fleirspråklegheit og identitet.
Litt hjelp?
Dette kan hjelpe deg med å skrive teksten din:
Ein modelltekst
Ha teksten frå fagartikkelen "Kva betyr det å reflektere over sakprosa?" framfor deg mens du skriv. Der kan du sjå korleis du skal skrive gode setningar.
Setningsstartarar
Desse setningsstartarane kan hjelpe deg med å starte setningane dine:
Vanskegrad 1
Artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger" handlar om …
Forfattaren meiner at …
Eit viktig poeng i teksten er at …
Forsking viser at å kunne fleire språk …
Språk kan vere ein del av identiteten vår fordi …
Når vi snakkar fleire språk, kan vi …
Mange menneske føler at morsmålet deira …
Eit døme på korleis språk og identitet heng saman er …
Eg trur at språk er viktig for identitet fordi …
Til slutt vil eg seie at ...
Vanskegrad 2
Begge tekstane handlar om …
Artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger" viser at …
Utspelet "Ber foreldre snakke mer norsk med barna" har eit anna syn på …
Mens artikkelen om språk og aldring seier at fleirspråklegheit er positivt, meiner den andre at …
Ein forskjell mellom tekstane er at …
Ein likskap mellom tekstane er …
Fleirspråklegheit kan vere viktig for identitet fordi …
Mange opplever at språk påverkar kven dei er fordi …
Eg meiner at det er viktig å …
Etter å ha lese begge tekstane vil eg konkludere med …
Del 4: Byt tekstar

Gå saman med ein annan elev, gjerne ein som har valt same oppgåve som deg. Les tekstane til kvarandre og gi kvarandre tilbakemelding på innhaldet. Snakk om:
Har de svart på begge oppdraga i oppgåva? Altså både forklart kva som er bodskapane og reflektert sjølvstendig?
Har teksten ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning?
Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarte å skrive gode setningar. Det er viktig at de gir hyggelege tilbakemeldingar. Her er døme på korleis du kan snakke vennleg og forsiktig når du gir tilbakemeldingar:
Denne setninga synest eg var veldig god.
Det du skriv her, er veldig interessant.
Kanskje du må sjå på den setninga igjen? Eg forstår ikkje heilt kva du meiner. Kan du forklare?
Eg lurer på om verbet står på feil plass i denne setninga?
Her trur eg du må ha punktum og stor bokstav, stemmer ikkje det?
Del 5: Skriv ferdig teksten
Skriv ferdig teksten etter du har fått tilbakemelding på han.