Skriv debattinnlegg med hjelp frå praterobot

Del 1: Logg inn på Min NDLA
I denne delen av oppgåva skal du logge deg inn på Min NDLA. Følg instruksjonane under:
Logg deg inn på Min NDLA. Du finn innlogging øvst til høgre på ndla.no og loggar deg inn via Feide.
Vel "NDLA Praterobot" og så "Elevhjelp".
Del 2: Be om forslag til argument
I denne delen skal du be roboten om å komme med forslag til argument du kan bruke i eit debattinnlegg om eit tema du har valt sjølv. Her er eit forslag til kva du kan skrive til elevhjelpa:
Du skal hjelpe med å finne argument til eit debattinnlegg om psykisk helse. Målgruppe for debattinnlegget er ungdom og vaksne. Det er viktig at argumenta inneheld nokre av verkemidla som er typiske for debattinnlegg.
Hugs å trykke "send" kvar gong du skal prate med roboten.
Les godt gjennom forslaga elevhjelpa kjem med. Kva synest du om dei? Vurder alle nøye. Spør fleire gonger for å få meir presise svar eller be om døme. Fekk du litt fleire idéar til argument no?
Del 3: Be om typiske verkemiddel
No skal du be prateroboten om hjelp til å bruke typiske verkemiddel for debattinnlegg på eitt av argumenta frå del 2.
Vel eitt av argumenta prateroboten kom med, og vel eit typisk verkemiddel for debattinnlegg. I dømet har vi valt gjentaking, men du kan velje eit anna verkemiddel viss du vil det.
Eg synest det høyrest lurt ut med eit argument om økonomisk støtte. Kan du lage eit argument om økonomisk støtte der du bruker gjentaking som verkemiddel?
Del 4: Be om språkhjelp
Bruk prateroboten til å få ein tekst som er lett å lese. Du kan be han om å forenkle teksten, og du kan be han forklare med døme. Her får du eit forslag til kva du kan skrive til elevhjelpa:
Kan du skrive med litt enklare ord? Eg synest orda "velværet til individet" er litt vanskelege.
Bruk prateroboten for å få teksten eller delar av teksten omsett til eit anna språk du kan. Her får du eit forslag til kva du kan skrive til elevhjelpa:
Kan du omsetje teksten til arabisk?
Vurder omsetjinga du får frå prateroboten.
Er ho god, eller er det delar av omsetjinga du ikkje synest er så god?
Gir omsetjinga meining?
Korleis ville du sjølv ha skrive det?
Del 5: Skriv dine eigne tankar
Skriv eit kort refleksjonsnotat til læraren din om korleis det var å jobbe med prateroboten på denne måten. Du skal svare på desse spørsmåla:
Korleis var det å bruke prateroboten som verktøy til å førebu seg på å skrive eit debattinnlegg?
Kva var positivt?
Kva var utfordrande?
Kva lærte du om å bruke praterobot i undervisninga i dag?
Korleis kan prateroboten hjelpe deg viss det er ord eller setningar du synest er vanskelege å forstå?
I denne oppgåva har du fått forslag frå prateroboten til argument du kan bruke i eit debattinnlegg. Men det er ikkje lov å kopiere tekst frå prateroboten og levere han inn som din eigen tekst. Å be han skrive debattinnlegget for deg er fusk.
Kva kan du då gjere for at dette skal bli din tekst når du bruker nokon av forslaga frå prateroboten?
Når er det inspirasjon og hjelp?
Når er det fusk?