Kulturmøte, kultursjokk og identitet - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kulturmøte, kultursjokk og identitet

Kva er kulturmøte og kultursjokk? Diskuter, les og skriv om temaet.

Del 1: Omgrep

De skal lese ein fagartikkel om kultursjokk og kulturmøte. Før de les artikkelen, set dykk i grupper og diskuter nokre omgrep i teksten. Veit de kva dei betyr? Viss ikkje – kva trur de dei betyr?

  • kultur

  • kulturmøte

  • kultursjokk

  • identitet

  • krysskulturell

Del 2: Les fagartikkelen om kulturmøte og identitet

Les fagartikkelen "Kulturmøte og identitet".

Set dykk i par eller grupper og diskuter desse spørsmåla:

  1. Kva betyr omgrepa de diskuterte i del 1? Gå gjennom dei ein gong til for å vere sikre på at de har forstått dei. Skriv dei i tillegg ned med forklaring. Spør læraren eller andre elevar i klassen viss de er i tvil.

  2. I artikkelen las de at forskaren Lill Salole meiner menneske som flyttar til eit nytt land, må lære seg nye "kodar". Kva betyr det?

  3. Fortel om døme frå eige liv der de har flytta til ein ny kultur og måtte lære dykk nye kodar.

  4. Opplevde de noka form for kultursjokk då de flytte til Noreg? I så fall – forklar korleis.

  5. Lill Salole skriv òg om tre ulike måtar (profilar) å tilpasse seg den nye kulturen på (integrering). Fortel att kva desse tre går ut på.

  6. Kva for ein av dei tre profilane du las om meiner du passar best på måten du tilpassar deg den norske kulturen på?

  7. Kva betyr det at identiteten er "flytande"?

  8. Vil du seie at identiteten din har forandra seg sidan du flytte til Noreg? I så fall – korleis?

Del 3: To ukrainske jenter sine kulturmøte med Noreg

  1. Les kronikken "Dagen som forandret alt" av Marharyta Myrzoian og Hanna Saprika.

  2. Marker dei delane av teksten du meiner handlar om kulturmøte.

  3. Marker dei delane av teksten du meiner handlar om kultursjokk.

  4. Gå saman med ein medelev og samanlikn det de har markert.

  5. Er det nokon hendingar eller noko spesielt som skjedde som har gjort det lettare for dykk å passe inn i den norske kulturen? (lære språk, gå på skule, arbeid, få venner eller liknande).

Del 4: Skriv om kulturmøtet ditt med Noreg

Skriv ein personleg tekst på 200–600 ord om kulturmøtet ditt med Noreg. Du kan følge denne "oppskrifta":

Kulturmøtet mitt med Noreg

Struktur

Oppgåve

Del 1: Å flytte til NoregForklar kvifor og korleis du flytte til Noreg.
Del 2: Kulturmøtet med NoregFortel om dei første tankane dine om Noreg då du kom hit.
Del 3: Kultursjokk?Fekk du kultursjokk då du kom til Noreg? Forklar kva for "kodar" du syntest (eller framleis synest) det var /er vanskeleg å forstå. Bruk gjerne døme.
Del 4: I dagKorleis vil du beskrive livet ditt som krysskulturell i dag? Har du framleis kultursjokk, eller passar du betre inn i den norske kulturen no, meiner du? Forklar òg om det som har hjelpt deg. Det kan vere å gå på skule, få venner, lære språket eller andre ting.

Del 5: Del med dei andre i klassen

  1. Les teksten din høgt for ein annan i klassen.

  2. Diskuter om det var nokon likskapar i møtet dykkar med Noreg.

  3. Diskuter i klassen eller grupper:

    • Korleis kan kulturmøte vere både positivt og ?

    • Kvifor kan det vere positivt å tilhøyre to kulturar?

    • Kva kan vere vanskeleg med det?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 12.11.2024