Språk og identitet i Tante Ulrikkes vei

Språk som identitetsmarkør
Det er vanleg å seie at språk er ein identitetsmarkør. Det betyr at vi bruker språket til å vise kven vi er. Til dømes vel ungdom eit anna språk enn eldre. Språket ditt kan vise
- kva slags kjønn du har
- kor gammal du er
- kvar du bur
- kva gruppe du føler at du høyrer heime i
Del 1: Diskuter eige språk
Set dykk saman i grupper og diskuter:
- Synest de at de snakkar eit ungdomsspråk? Her kan de både snakke om førstespråket dykkar og norsk. Kvifor vil de i så fall seie at de snakkar eit ungdomsspråk?
- Korleis snakkar dei som er eldre enn dykk? Ulikt eller heilt likt dykk? Forklar med døme.
Vil de seie at gutar og jenter i klassen snakkar ulikt? I så fall – korleis?
Diskuter om de synest dette har noko å seie for korleis de snakkar i heimlandet:
om ein har mykje eller lite pengar
kvar i byen/bygda de bur
Del 2: To heilt ulike gutar med lik bakgrunn
Romanen Tante Ulrikkes vei handlar om dei to gutane Mo og Jamal. Både Mo og Jamal bur på Stovner, dei er fødde i Noreg, men har foreldre frå Pakistan. Likevel snakkar dei veldig ulikt.
- Gå saman to og to. Les utdraget frå romanen Tante Ulrikkes vei over. No skal de lese høgt for kvarandre – ein er Jamal, og ein er Mo.
Etter at de har lese: Korleis vil de beskrive språket til Jamal? Prøv å samanlikne språket hans med det som er "riktig norsk". De kan sjå på dette:
Ser de ord som er lånt frå språk som engelsk, arabisk, tyrkisk eller liknande?
Finn de døme på feil kjønn på substantiv? Eller feil bøying av substantiv?
Kan de finne døme på feil setningsoppbygging (syntaks)?
- Kva med Mo sitt språk? Korleis vil de beskrive det?
- Kva synest dei to hovudpersonane om heimstaden sin, Stovner?
- Kvifor trur de dei to snakkar så ulikt?
Del 3: Sjå intervju og diskuter
Mo og Jamal snakkar veldig ulikt. Kvifor? Har det noko med kven dei ønsker å vere? No skal du sjå eit intervju med ein skodespelar som heiter Sero Yildirim. Han var ein av hovudpersonane i NRK-serien 18 og snakkar ganske likt Jamal. Kanskje noko av det han seier, kan hjelpe dykk med å forstå?
Sjå intervjuet i NRK-programmet Eides språksjov frå 04:40.
Diskuter i grupper:
- Kva er det typiske talemålet til hovudpersonane frå NRK-serien 18?
- Kva likskapar ser du mellom Jamal og Sero sitt talemål?
- Kva er det Sero seier som viser at multietnolekten kebabnorsk er noko ein vel å snakke?
- Kvifor trur du Jamal vel å snakke kebabnorsk, mens språket til Mo er meir riktig grammatisk?
Del 4: Samanlikn Mo og Jamal skriftleg
No skal du øve deg på å skrive eit avsnitt som samanliknar to karakterar. Oppgåva er denne:
Samanlikn Mo og Jamal. Du skal forklare
korleis dei snakkar ulikt
kvifor dei snakkar ulikt
Målet med oppgåva er altså å vise korleis forfattaren bruker språket for å få fram at dei to hovudpersonane har ulik identitet.
Modelltekst
Sjå gjerne på modellteksten under. Han viser deg korleis du kan setje opp eit avsnitt der du blir beden om å samanlikne noko.