Verktøy til presentasjonar

Før du les
Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:
- Presentasjonsverktøy
- Eit presentasjonsverktøy er eit verktøy du kan bruke når du presenterer noko. I verktøyet kan du til dømes legge til tekst og bilete som andre kan sjå på mens du snakkar.
- Lysbilete/lysark
- Lysbilete er bilete som blir vist digitalt på ein skjerm. Dei kan òg kallast slides eller sider. Ein digital presentasjon har ofte fleire lysbilete.
- Manus
- Eit manus er ein plan for det du skal seie. Det kan vere nokre få ord som hjelper deg med å hugse, eller ein lengre tekst der det står akkurat det du vil seie.
- Publikum
- Publikumet er mottakarane dine, dei som skal sjå og høyre på presentasjonen din.
- Hjelpemiddel
- Hjelpemiddel i denne samanhengen er alt som hjelper deg når du skal halde ein presentasjon.
Hjelp for deg – og for dei som høyrer på
Når du bruker skrift, teikningar eller bilete i presentasjonar, viser du det du skal seie både med tale og tekst. Dei som følger med på presentasjonen, skal altså både høyre og sjå. Når du gjer dette, hjelper det dei som følger med til å forstå og hugse betre. Det hjelper òg deg sjølv til å hugse det du skal seie.
Her er døme på nokre gode verktøy du kan bruke når du skal presentere:
Tavle
Både flippover, vanleg tavle og digital tavle kan du bruke til å skrive ned stikkord mens du presenterer. Då kan du òg improvisere og svare på spørsmål og kommentarar frå publikum undervegs.
- Pass på at du ikkje blir ståande og snakke med ryggen til publikum mens du skriv på tavla. Då blir det vanskeleg å høyre kva du seier.
- Skriv stikkord, ellers kan det bli for lange pausar, og publikum klarer ikkje å følge med.
PowerPoint og andre presentasjonsverktøy
- Lag eit manus før du begynner med lysbileta. Så lagar du eit lysbilete for kvart av dei viktigaste poenga i manuset.
Bruk få ord på kvart lysbilete. I presentasjonar bør du unngå heile setningar. Unntaket er (korte) sitat.
Detaljane tek du munnleg. Viss det blir for mykje tekst, klarer ikkje publikum å lese det som står og lytte til det du seier samtidig.
Bruk så få lysbilete som mogleg, men nok til at du får med det som er viktig.
- Skrifta skal vere tydeleg og stor nok. Sjekk at det er lett å lese teksten på avstand. Bruk til dømes skriftstorleik 36 punkt og skrifttypar som Helvetica, Arial, Verdana eller Gill Sans MT. Ikkje bland for mange skrifttypar, for då ser det uryddig ut.
- Finn bilete som illustrerer poenga dine. Hugs å oppgi kjelder også for bilete.
- Hald lysbileta enkle. Unngå effektar og animasjonar mellom lysbileta, dei berre forstyrrar.
- Unngå musikk mens du snakkar. Det kan gjere det vanskeleg for publikum å konsentrere seg om det du seier.
- Vis gjerne eit filmklipp dersom det støttar godt opp om det du seier. Pass likevel på at det er kort. Det er du som skal ha hovudrolla i presentasjonen!
Forslag til digitale presentasjonsverktøy
Nokre av verktøya under må du ha lisens til. Sjekk med læraren din om skulen har betalt for at du kan bruke dei:
PowerPoint
Google presentasjonar
Keynotes
Prezi
Padlet
Visste du
at hjelpemidla som du nettopp har lese om, blir kalla audiovisuelle hjelpemiddel? Ordet audiovisuell er sett saman av "audio" (latin for "eg høyrer") og "visuell" ( latin for "som har med synet å gjere"). Audiovisuelle hjelpemiddel forsterkar bodskapen din ved hjelp av lyd og bilete.
Relatert innhald
Sjå ein video med gode tips og jobb praktisk med presentasjonsteknikk.
Øv deg på å lage og halde ulike presentasjonar.