Stadsadverb

Kva er stadsadverb?
Stadsadverb er ord vi bruker for å fortelje om
kvar noko skjer eller nokon er: I setninga Eg et middag heime er "heime" stadsadverb.
kvar noko eller nokon bevegar seg: I setninga Vi køyrde heim er "heim" stadsadverb.
retninga noko eller nokon bevegar seg i: I setninga Hunden sprang heimover er "heimover" stadsadverb.
Kva er dei vanlegaste stadsadverba?
Under ser du ei oversikt over nokre av dei vanlegaste stadsadverba på norsk:
1. Adverb som fortel der noko skjer, eller kvar nokon er (statisk)
Desse adverba viser ein bestemd stad noko eller nokon er:
- her
- Døme: Eg står her.
- der
- Døme: Ho står der.
- inne
- Døme: Barna leika inne.
- ute
- Døme: Sola skein ute.
- heime
- Døme: Han var heime.
- borte
- Døme: Ho var borte.

2. Adverb som fortel bevegelse og retning (dynamisk)
Desse adverba viser til staden noko eller nokon bevegar seg mot, eller at noko eller nokon bevegar seg langs ei strekning:
- hit
- Døme: Ho kjem hit.
- dit
- Døme: Han går dit.
- inn
- Døme: Hunden spring inn.
- ut
- Døme: Barna gjekk ut.
- heim
- Døme: Han drog heim.
- bort
- Døme: Dei har reist bort.

Kvar i setninga skal stadsadverbet stå?
Norsk har strenge reglar for kvar i setninga eit ord kan stå. Stadsadverba står stort sett alltid rett etter verbet, men dei kan òg stå først i setninga. Her er nokre døme på plasseringar i setningar:
Stadsadverbet står før tidsadverbet
I denne setninga er "hit" stadsadverb og "i går" tidsadverb:
Per kom hit i går.
I denne setninga er "heim" stadsadverb og "til sommaren" tidsadverb:
Han flyttar heim til sommaren.
Stadsadverbet står etter verbet
Stadsadverba som viser kvar noko eller nokon er (statisk) pleier å stå sist i setninga. I desse tre setningane er "her", "ut" og "heime" stadsadverb:
Eg står her.
Hunden er ute.
Eg har vore heime.
Stadsadverbet først i setninga
Viss staden er det viktigaste i det vi vil seie, kan stadsadverbet stå først. I desse to setningane er "her" og "dit" stadsadverb:
Her skal vi danse!
Dit bør du dra!
Legg merke til at verbet skal stå på andreplass når stadsadverbet står først.
Vi har altså to ulike typar stadsadverb:
dei som blir brukte når det ikkje er bevegelse (statiske)
dei som blir brukte når det er bevegelse (dynamiske)
Mange stadsadverb har to former: Utan -e er dynamisk, med -e er statisk.
inn – inne
ut – ute
opp – oppe
bort – borte
heim – heime
Relatert innhald
Kva er adjektiv og adverb? Adjektiv beskriv ein eigenskap ved nokon eller noko. Adverb beskriv andre setningsledd.