Gradsadverb

Kva er gradsadverb?
Gradsadverb er ord vi bruker for å
forsterke noko: I setninga Maten var utruleg herleg! er "utruleg" gradsadverb.
dempe noko: I setninga Han er ganske flink er "ganske" gradsadverb.
Gradsadverba seier noko om styrken på ein eigenskap, ei kjensle, mengde og så vidare. Dei blir brukte saman med eit adjektiv, eit anna adverb eller til eit mengdeord:
Ho var veldig flink.
"Veldig" er eit gradsadverb som beskriv kor flink ho var.
Vi liker ganske godt å danse.
"Ganske" er eit gradsadverb som beskriv kor godt dei liker å danse.Maria åt altfor mange kaker.
"Altfor" er eit gradsadverb som beskriv kor mange kaker Maria åt.
Du kan altså stille spørsmåla: "Kor stor ...? Kor mange kaker ...? Kor godt ...? for å finne gradsadverba.
Kva er dei vanlegaste gradsadverba?
Under ser du ei oversikt over nokre av dei vanlegaste gradsadverba på norsk:
1. Adverb som forsterkar
Vi gir det vi snakkar om ekstra merksemd når vi bruker eit gradsadverb som forsterkar:
veldig
Døme: Han song veldig høgt.
svært
Døme: Ho var svært svolten.
utruleg
Døme: Barna leikte utruleg stille.
2. Adverb som dempar
Viss vi ikkje er heilt sikre, vil vere forsiktige eller unngå å såre nokon, kan vi bruke dempande gradsadverb:
litt
Døme: Han song litt lågt.
ganske
Døme: Ho oppførte seg ganske dumt.
nok
Eksempel: Hunden var nok redd.
Forstod du det?
Test deg sjølv. Skriv rett ord inn i boksane.

Kvar i setninga skal gradsadverbet stå?
Norsk har strenge reglar for kvar i setninga eit ord kan stå. Gradsadverba står rett framfor ordet som skal dempast eller forsterkast.
Her er nokre døme på plasseringar i setningar:
Gradsadverbet etter verb og før adjektiv, mengdeord eller andre adverb
Ho sprang veldig fort. (Ordet "veldig" er gradsadverb.)
Eg er litt sjuk. (Ordet "litt" er gradsadverb.)
Vi har altså to ulike typar gradsadverb:
dei som blir brukte for å forsterke
dei som blir brukte for å dempe
Gradsadverba seier noko om graden eller intensiteten til korleis vi gjer noko eller korleis noko er.
Ver varsam med gradsadverba!
Viss du bruker mange gradsadverb, påverkar det korleis andre oppfattar deg. Du kan fort bli oppfatta som useriøs, for sjølvsikker eller for usikker.
Sjå kva som skjer om du bruker mange forsterkande gradsadverb:
Eg er skikkeleg klar for dette møtet. Eg har faktisk jobba heilt utruleg mykje med prosjektet. Det er heilt sikkert det beste nokon har sett. Eg blei ekstremt glad då eg såg kor veldig bra alt blei. Dette blir superkult, heilt fantastisk, og kjempegøy!
Sjå kva som skjer om du bruker mange dempande gradsadverb:
Eg er ganske klar for møtet, trur eg. Eg har jobba litt med prosjektet, men ikkje så mykje. Det blei nokså bra, kanskje. Eg blei ein smule nøgd med resultatet. Du blir kanskje litt imponert, men det er ikkje heilt sikkert. Det er nesten bra nok, eigentleg. Alt i alt blir dette ganske greitt, håper eg!
Diskuter!
Kva for nokon ord som viser grad kan vi ta bort for at teksten skal høyrast meir vanleg og seriøs ut?
Relatert innhald
Kva er adjektiv og adverb? Adjektiv beskriv ein eigenskap med nokon eller noko. Adverb beskriv verb eller adjektiv.