Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Tidsadverb

Tidsadverb fortel oss når, kor ofte eller kor lenge noko skjer. Lær kva for nokre ord som er tidsadverb, og korleis du skal bruke dei.

Kva er tidsadverb?

Tidsadverb er ord vi bruker for å fortelje noko om

  1. kor ofte noko skjer: I setninga Vi reiser alltid til bestemor på søndagar er "alltid" tidsadverb.

  2. når noko skjer: I setninga Snart skal eg til byen er "snart" tidsadverb.

  3. kor lenge noko varer: I setninga Vi køyrde buss lenge er "lenge" tidsadverb.

Kva er dei vanlegaste tidsadverba?

Under ser du ei oversikt over dei vanlegaste tidsadverba på norsk:

1. Adverb som fortel kor ofte noko skjer

alltid
om noko som skjer heile tida, kvar gong
Døme: Eg blir alltid glad når eg ser deg.
aldri
om noko som ikkje skjer, ikkje i det heile
Døme: Eg vil aldri sjå deg igjen.
ofte
om noko som skjer mange gonger, men ikkje alltid
Døme: Eg gjer ofte lekser på morgonen.
sjeldan
om noko som ikkje skjer mange gonger, berre av og til
Døme: Vi reiser sjeldan på ferie.

2. Adverb som fortel om tid (når noko skjer)

no
om noko som skjer akkurat i augenblinken eller på dette tidspunktet. Det handlar om det som skjer mens du snakkar.
Eksempel: No skal vi ete middag!
snart
om noko som skal skje om litt tid, ikkje lenge
Døme: Skal vi snart reise?
straks
betyr nesten det same som snart, men vi bruker straks om noko som skal skje om endå kortare tid.
Døme: Eg kjem straks!
etterpå
om noko som skjer seinare eller etter at noko anna har skjedd
Døme: Vi et middag, og så går vi ein tur etterpå.
tidlegare
om noko som skjedde før noko anna, noko som skjedde tidlegare i tid
Døme: Eg har vore her tidlegare, men det er lenge sidan.

3. Adverb om varigheit (kor lenge noko varer)

enno
om noko som held på og ikkje er ferdig
Døme: Eg er ikkje ferdig enno.
lenge
ein lang periode, noko som skjer over tid
Døme: Det er lenge sidan eg har sett deg.

Kvar i setninga skal tidsadverbet stå?

Norsk har strenge reglar for kvar i setninga eit ord kan stå, men tidsadverba kan faktisk stå på ulike stader. Det vanlegaste er:

Tidsadverbet sist i setninga

Mange tidsadverb pleier å stå sist i setninga. I desse to setningane er "enno" og "snart" tidsadverb:

  • Han har ikkje ete enno.

  • Vi kjem snart.

Tidsadverbet først i setninga

Viss tid er det viktigaste i det vi vil seie, kan tidsadverbet stå først. I desse to setningane er "no" og "tidlegare" tidsadverb:

  • No kjem du!

  • Tidlegare budde eg i Oslo.

Når tidsadverbet står først, skal verbet stå på andreplass. Dette er på grunn av .

Tidsadverbet etter verbet

  • Vi køyrer aldri til skulen.

  • Ho kjem snart heim.

I desse to setningane er "aldri" og "snart" tidsadverb.

Det er kva som er viktigast i setninga som avgjer kvar tidsadverbet står. Viss tid er det viktigaste, set vi ofte tidsadverbet først. Elles står det som oftast etter verbet eller sist i setninga.

Relatert innhald

Adjektiv og adverb

Kva er adjektiv og adverb? Adjektiv beskriv ein eigenskap ved nokon eller noko. Adverb beskriv andre setningsledd.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 11.12.2024