Reflekter over natur, landskap og identitet
Del 1: Staden din
Lukk auga og sjå for deg staden du vaks opp. Korleis ser landskapet ut der?
Naturlandskapet: Korleis ser naturen ut?
By- og kulturlandskapet: Korleis ser det ut der folk lever og bur?
Lukk auga igjen og kjenn etter korleis det kjennest å tenke på staden du vaks opp.
Er det glede? Lengt? Noko heilt anna?
Kva for minne har du frå staden din?
Hugsar du noko som skjedde der? Lukter? Smakar? Noko anna?
Teikn og/eller skriv ned nokre stikkord om det du har tenkt på i punkta over.
Del 2: Del stadene de kjem frå
I par eller grupper:
Byt på å fortelje dei andre om staden de vaks opp.
Prøv å beskrive korleis det ser ut så nøyaktig du kan, slik at dei andre kan sjå det for seg.
Du vel sjølv kor mykje du vil dele om kjensler og minne.
Del 3: Natur, landskap og identitet
Identitet er i denne samanhengen korleis du opplever at du er som person. På kva måte har naturen og landskapet på staden du vaks opp, påverka kven du er, trur du?
Kva liker du å gjere i dag?
Kva for tema er du oppteken av?
Kva verdiar er viktige for deg?
Del 4: Det norske landskapet
I par:
Kva tenker de på som eit "typisk norsk" landskap? Korleis ser det ut? Sjå gjerne på bileta i del 5 viss de treng litt hjelp.
Kva er dei viktigaste forskjellane mellom landskap og natur i Noreg og stadene de kjem frå? Skriv opp forskjellane som ei liste.
Noreg, Vestlandet | Danmark, Jylland |
|---|---|
| mange høge fjell | veldig flatt |
| store fossar | store elvar |
Del 5: Dei norske orda
Sit saman i par og sjå kor detaljert de klarer å beskrive desse bileta:
Viss de kjem frå eit heilt anna landskap enn dei norske landskapa på bileta over, kan det vere vanskeleg å finne dei rette norske orda.
Samarbeid i klassen: Kva var vanskeleg å beskrive? Er det nokon andre som kjenner dei norske orda de ikkje fann sjølv?
Finst det eit eige ord for det same i førstespråka de har? Viss ikkje – kvifor ikkje, trur de?
Lag ei ordliste med dei norske orda som står i boksen under med ei forklaring på førstespråket ditt. Du kan bruke både ordbøkene og LEXIN som hjelp.
Del 6: Del ord frå dykkar eige førstespråk
Kva for ord om naturen og landskapet er typisk for staden der du vaks opp? Bruk gjerne eit bilete frå staden som hjelp.
Skriv ned nokre ord på førstespråket ditt om natur og landskap som er vanskelege å forklare på norsk utan å bruke mange ord.
Del med ein medelev og diskuter: Kva seier desse orda om staden de kjem frå? Seier orda noko om kven de er – identiteten dykkar?
Del 7: Skriv sjølv
Skriv ein kort, reflekterande tekst om natur og identitet der du bruker det de har jobba med i del 1–6. Du kan bruke desse setningsstartarane om du vil:
Eg vaks opp i ...
Landskapet der er ...
Det luktar ...
Eg hugsar godt ...
Eit sterkt minne er ...
Eg er veldig oppteken av ... fordi ...
Då eg kom til Noreg, ...
Eg saknar ...
Eg er ekstra glad i ordet ...
Det som har påverka identiteten min mest, er ...
Eg lurer på om ...







