Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Samuel Massies Hold fast!

I boka Hold fast! fortel Samuel Massie om korleis han gjekk frå småkriminell bygut som slutta på skulen, til utforskar på polekspedisjonar.

Oppgåve

Les tekstutdraget frå boka Hold fast! og svar på oppgåvene.

Del 1: Inn i teksten

  1. Beskriv kort kva som skjer i teksten.
  2. Kva inntrykk får du av eg-forteljaren i dette utdraget? Kva er det i teksten som gir deg dette inntrykket?
  3. Samuel er på dette tidspunktet i boka på frilufts- fordi han av vidaregåande skule. Korleis kjem det fram i teksten?
  4. Korleis forklarer Samuel at det ikkje gjekk så bra på skulen?
  5. Teksten beskriv eit i livet hans. Kva er det som gjer at han får fyr på bålet til slutt?
  6. Kva betyr uttrykket "å vere si eiga lykkes smed"? Legg inn spørsmålet i NDLA sin praterobot "Elevhjelpen" og be han forklare kort og med enkle ord.

    • Kva tenker du når du har lese forklaringa? Er det alltid mogleg "å vere si eiga lykkes smed"?

  7. Forteljarstilen i teksten er munnleg i forma. Finn døme på det i teksten. Kva slags verknad har dette?

  8. Sjå intervjuet med Samuel Massie på NRK (lengde ca. 10 minutt). Korleis grunngir Massie den munnlege forma?

Del 2: Reflekter og diskuter

  1. Diskuter denne påstanden: Viss du forandrar måten du tenker på, kan du òg forandre kva som skjer vidare med deg i livet.
  2. Kan det å skrive om livet hjelpe oss med å leve? Grunngi svaret.
  3. Kjenner du/de igjen nokon av beskrivingane av skule eller meistring som Samuel Massie kjem med i teksten?
  4. Korleis kan vi bruke erfaringane som Samuel fortel om til å hindre at andre unge fell ut av skule og arbeidsliv? Skriv ned eit forslag.
  5. Samanfatt: På kva måtar tematiserer utdraget frå Hold fast! utanforskap?

Del 3: Skriv sjølv

Vel anten oppgåve A eller B:

  1. Skriv ein reflekterande tekst om det å forandre på livet sitt. Du kan bruke desse setningsstartarane om du vil:

    • Viss eg skulle forandra på livet mitt ...

    • Det er ikkje så lett å ...

    • Eg kjenner nokon som ...

    • Det eg har opplevd ...

  2. Korleis trur du livet til Samuel Massie kunne blitt om han ikkje hadde komme til dette vendepunktet? Skriv ein ny slutt til tekstutdraget. Denne gongen tek ikkje bålet fyr.

Relatert innhald

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist oppdatert 04.08.2025