Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Les og skriv om naturen og mennesket

Teksten "Over mark og mose" er skriven av Maria Parr. Her skriv ho om minne frå då ho var barn. No skal du lese og snakke om teksten, og deretter skal du skrive om eigne minne frå naturen.

Del 1: Førlesingsoppgåver

Kva er det første på vår for deg?

Kva ser du for deg når du høyrer overskrifta "Over mark og mose"? Slå opp i ordbøkene eller LEXIN viss nokon av orda i overskrifta er ukjende.

Del 2: Les teksten "Over mark og mose"

Les teksten "Over mark og mose" av Maria Parr. Du kan lytte til teksten der forfattaren sjølv les. Sjå godt på ordforklaringane.

Del 3: Snakk saman om teksten

Jobb saman to og to. Svar munnleg på oppgåvene. Samanfatt felles i klassen.

  1. Korleis beskriv forfattaren kjensla av å gå med vintersko, av typen Cherrox, då ho var lita?

  2. Maria Parr skriv dette om å gå med joggesko for første gong om våren: "Det var som å flyge. Heilt som å flyge." Kvifor trur de forfattaren har valt denne ?

  3. Kva inntrykk får de av eg-personen sit forhold til naturen?

  4. Kvifor saknar eg-personen frå å gå med vintersko til joggesko når ho tenker tilbake på barndommen?

  5. Synest de overskrifta "Over mark og mose" passar til teksten? Grunngi svaret.

  6. Maria Parr skriv at det alltid var sol og fuglesong då ho fekk ta av seg cherroxane fordi det var vår. Korleis beskriv dei positive orda "sol" og "fuglesong" kjenslene til forfattaren?

  7. Forfattaren har fleire setningar som berre består av nokre få ord, til dømes: "Den dagen var det sol. Alltid. Og fuglesong, og mose som ikkje gav frå seg vatn når ein steig på. Og kvitveis. Og joggesko".

    • Korleis får desse orda, som til dømes "Og kvitveis" og "Og joggesko" ekstra merksemd når dei står slik åleine?

Del 4: Skriv ein eigen tekst

Skriv ein eigen tekst på 150–250 ord. La deg inspirere av korleis Maria Parr har skrive teksten sin. Dette skal vere med:

  • ein eg-person

  • eit eige minne frå naturen

  • variert lengde på setningane

  • bruk av språklege verkemiddel som til dømes , eller samanlikning

  • ei passande overskrift

Del 5: Del teksten med ein i klassen

Jobb saman to og to i dei same gruppene som i del 3. Les tekstane de har skrive i del 4 høgt for kvarandre.

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 02.04.2025