Naturen og mennesket i tekstar

Før du les
Desse fagomgrepa møter du i teksten:
- Objektivt
- er når noko er nøytralt beskrive, og du ikkje vel side når du skriv om ei sak. Det motsette er når noko er subjektivt.
- Formål
- er det du har som mål for noko du gjer, ei hensikt.
- Språklege verkemiddel
- er ord og uttrykksmåtar vi vel (oftast bevisst) for å framkalle bestemde tankar og reaksjonar hos mottakaren.
- Nasjonalromantikken
- er namnet på ein periode på 1800-talet då den typisk norske kulturen var i fokus (til dømes språk, litteratur, kunst og musikk).
- Industrialisering
- skjer når vi bruker maskiner til å produsere varer i staden for å bruke menneskekraft.
Naturen i sakprosa
Sakprosa er tekstar som handlar om verkelegheita. Det kan vere aviser, læremiddel og reklame. Tenk over korleis naturen blir beskriven i sakprosatekstar.
Læremiddel
Læremidla dine i naturfag og geografi vil lære deg om naturen. Språket i tekstane er objektivt. Det betyr at dei som skriv dei, vanlegvis ikkje bruker verkemiddel som skal vekke kjensler i deg.
Døme på korleis teksten i eit læremiddel kan sjå ut:
Vind har mykje å seie for korleis plantar veks. Det er forskjell på om planten står ein stad der det er mykje vind, som på ein topp, eller om planten står ein stad der vinden ikkje kjem, som bak ein ås. Vind kan òg forandre korleis planten ser ut. Både dyr og plantar kan kjenne at vinden gjer det kaldare.
Dokumentarar
Det same gjeld naturdokumentarar du kan sjå på tv eller film. Formålet med slike tekstar er at du skal lære om naturen. Men i det siste har det òg komme mange dokumentarar som handlar om at vi må ta vare på naturen. Desse dokumentarane kan ofte bruke verkemiddel for å vekke kjensler. Målet er jo at sjåaren skal forstå kor viktig naturen er for mennesket.
I dette korte innslaget frå NRK Supernytt (lengde 2:43) får du ei kort beskriving av kvifor natur er så viktig.
Tenk over
Synest du språket i den korte filmen er objektivt, eller finn du døme på at noko i filmen prøver å påverke kjenslene dine?
Reklame
Du har kanskje sett at mange reklamar inneheld naturbilete. Då blir naturen brukt for å gi deg positive kjensler. Dei som vil selje produkt, bruker altså nokre gonger bilete av norsk natur i reklamen for produkta sine. I slike sakprosatekstar vil du av og til møte språklege verkemiddel som til vanleg blir mest brukte i skjønnlitteratur.

Tenk over
Kvifor bruker Tine eit bilete av naturen for å få deg til å kjøpe mjølk, trur du?
Naturen i skjønnlitteratur
Skjønnlitteratur er tekstar som er funnen på. Det kan vere dikt, forteljingar, romanar eller eventyr. Skjønnlitteratur er ikkje fakta, men fantasi eller historier om menneske og liv. Ganske ofte vil du sjå at skjønnlitteraturen på ein eller annan måte beskriv forholdet mellom mennesket og naturen. Heilt sidan midten av 1800-talet og fram til i dag har naturen vore eit viktig motiv og eit sentralt tema i norsk skjønnlitteratur, men på litt ulike måtar.
Romantikken
På 1800-talet, i ein periode vi kallar nasjonalromantikken, var det viktig å vise fram det "typisk norske", med høge fjell og djupe fjordar. Både kunstnarar og forfattarar overdreiv litt og beskreiv naturen ekstra vakker. Formålet var å få folk i Noreg til å bli stolte av landet sitt etter at dei hadde blitt styrte av Danmark i over tre hundre år.

Industrialisering
På 1900-talet blei Noreg industrialisert. Det betyr at nye maskiner og teknologi gjorde at måten folk levde på, forandra seg veldig. Folk flytte frå landsbygdene og inn til byane for å jobbe. Det blei færre som jobba direkte med naturen, som fiskarar og bønder. Nokon meinte at det ikkje var bra for menneske å fjerne seg så mykje frå naturen. Dette blei òg forfattarane opptekne av, og dei skreiv om det.

Ein av dei mest kjende norske romanane som viser samspelet mellom natur og menneske, er Markens grøde (1917) av Knut Hamsun. Romanen handlar om Isak Sellanraa som jobbar hardt for å kunne leve av naturen og bygge seg ein gard. Han dreg til ein stad langt unna byen og andre menneske. Slik startar romanen:
Den lange, lange sti over myrene og inn i skogene, hvem har trakket opp den? Mannen, mennesket, den første som var her. Det var ingen sti før ham.
(Hamsun, 1917, s. 5)
I sitatet ser du korleis forfattaren får fram at ingen har vore på staden før Isak kom dit – det er ingen sti i landskapet. Eit viktig tema i romanen er altså forholdet – og kampen – mellom Isak og naturen.
Nyare litteratur
Òg i litt nyare litteratur har vi døme på at forfattarar skriv om korleis naturen er trua. I diktet "Landskap med gravemaskiner" beskriv Rolf Jacobsen korleis gravemaskiner grev opp skog:
De spiser av skogene mine.
Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine.
Gud hjelpe meg for en skapning på dem. Hoder
uten øyne og øynene i baken.( Jacobsen, 1954, s. 11)

Tenk over
I diktet bruker Rolf Jacobsen besjeling. Kva for ein død ting får liv og menneskelege eigenskapar her?
Kva gjer denne besjelinga med stemninga i diktet?
Kva seier diktet om forholdet mellom mennesket og naturen?
Miljø og naturvern
I dag ser vi at skjønnlitteraturen gjerne handlar om kva som kan gå gale om vi menneske held fram med å forureine og påverke klimaet.
Eit døme på ei slik forteljing er romanen Blå av Maja Lunde. Delar av handlinga går føre seg i Europa, der klimaendringane har ført til tørke og vassmangel. I dette avsnittet beskriv ho korleis ein brann øydelegg dei siste trea i ein flyktningleir:
Trærne, de skyggefulle trærne som hadde holdt leiren kjølig, var en brannfelle. Greinene strakte seg mot brakkene. Fikk flammene tak, ville det ikke være noen vei tilbake. Da ville vi ikke ha noe annet valg enn å komme oss vekk. Rømme, slik vi hadde rømt fra Argelès.
(Lunde, 2017, s. 274)
Naturen som trussel
Naturen kan òg spele ei viktig rolle i handlinga i ein tekst, som når helten i ein film hamnar i ein dramatisk naturkatastrofe. Det er laga norske spelefilmar med titlar som Bølgen og Skjelvet, der menneska hamnar i livsfare. Nokon døyr til og med, av kreftene i naturen.

Naturen som metafor
Naturen kan òg brukast som eit bilete – ein metafor – på noko anna. Til dømes er det eit vanleg bilete å samanlikne livet til menneska med dei ulike årstidene. Våren er barndom og ungdom, og sommaren er det vaksne livet. Hausten er når du er gammal, og vinteren er når du skal døy.
Desse linjene er henta frå ei voggevise:
Vinden rider høyt på sky,
over hav og land og by.
Stormen raser tung og hvit.
Sorg og død kom ikke hit!
Noen kommer, noen går.
Noen dør i livets vår.
Stjerner lyser hvite.
(Gundersen, 1949)
Tenk over
Kva kan det bety at "Noen dør i livets vår"?
Natur, språk og identitet
Mange menneske kjenner at ein stad eller eit landskap er ein viktig del av identiteten deira. Dei kan ha sterke kjensler eller minne knytte til dette. Kanskje er det fine opplevingar saman med menneske dei er glade i som gjer at dei er spesielt knytte til staden.
I diktet av Risten Sokki beskriv forfattaren det sterke forholdet mellom natur og språk:
Tenk over
Kva kan det bety når Sokki skriv: "Mate ørene med mitt eget språk"?
Kva seier diktet om forholdet hans til naturen?
Har du ein stad eller eit landskap du er spesielt knytt til og har sterke kjensler for?
Ord som beskriv natur
Av og til er det berre førstespråket som har dei rette orda for å beskrive naturen på ein bestemd stad. Det kan vere vanskeleg å finne gode ord som betyr det same på andre språk. Til dømes finst det mange ord som beskriv ulike typar snø i land der det snør mykje.
På norsk finnes ord som sludd, slaps, fokk og skare, og vi har samansette ord som puddersnø og påskeføre som vi bruker for å fortelje korleis det er å gå på ski på snøen. I land der det ikkje snør, har dei kanskje berre det eine ordet for snø. Då er det vanskeleg å omsetje kva vi meiner utan å bruke mange ord.
Tenk over
Kor mange ord kjem du på som kan beskrive ulike fenomen i naturen? Prøv å finne så mange som mogleg, både på norsk og på førstespråket ditt.
Døme:
regn
vind
jord
varme
kulde
Relatert innhald
Jobb med omgrep knytte til identitet, natur og landskap.
