Øv på uttale av viktige ord på arbeidsplassen

Oppgåve 1. Snakk saman om uttale
Jobb saman to og to eller i mindre grupper. Svar munnleg på spørsmåla under:
Kvifor trur de det er viktig med rett uttale av fagord og ord som blir mykje brukte på ein arbeidsplass?
Kva for misforståingar kan skje på ein arbeidsplass viss ein tilsett uttaler ord feil?
Elevar som ikkje kommuniserer godt nok på norsk, har ofte problem med å få seg lærlingplass. Kva trur de er grunnen til det?
Oppgåve 2. Samle viktige ord på arbeidsplassen
Del 1: Ord som er vanskelege å uttale rett
Diskuter i klassen:
Kva for fagord eller ord som er mykje brukte på arbeidsplassar og i praksis, synest de er vanskelege å uttale rett?
Kva er vanskeleg med uttalen?
Læraren skriv ned orda og deler i eit fellesdokument.
- Mal_nn(DOCX)
Del 2: Vel nokre ord
Vel deg fem ord frå delingsdokumentet i del 1, som du vil øve på rett uttale av.
Del 3: Øv på uttale
Gå saman to og to. Øv på rett uttale av orda de har valt i del 2. Spør læraren viss de er usikre på rett uttale.
Del 4: Spel inn ein lyd
Lag ei lydinnspeling til læraren din der du bruker orda i del 3 i setningar. Pass på rett uttale av orda, og at setningane gir meining.
Her er døme med orda frå bygg og anlegg:
Eg held på å skru på ein bil.
Kan du hente skruane som ligg i skuffa?
Kor la du fugesprøyta etter at du hadde brukt ho?
Eg treng eit måleband for å måle lengda.
Eg gløymde høyrselsvernet på verkstaden.
Oppgåve 3. Rollespel med fagomgrep
Jobb saman to og to.

Del 1: Lag eit rollespel
Lag eit rollespel om ein truverdig situasjon på ein arbeidsplass. Bruk fagord som er mykje brukte, og som kan vere vanskelege å uttale rett.
Del 2: Spel rollespelet
Spel rollespelet for ei anna gruppe eller framfor klassen. Fokuser på rett uttale av ord og innleving når de framfører.
Del 3: Samanfatt
Samanfatt munnleg felles i klassen. Svar på desse spørsmåla:
Kva kan de gjere for å bli flinkare til å uttale mykje brukte ord på arbeidsplassen rett?
Kva for lydar er det de treng å øve ekstra på?