Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kodekammer om setningar

Utfordre kvarandre til eit kodekammer om norske setningar!

Til læraren

Kva skal elevane lære?

Dette kodekammeret har to mål. Det skal

  1. utvikle metaspråket til elevane om setningsledd

  2. gi elevane øving i grunnleggande setningsbygning på norsk

Fire tips:

  1. Det er lurt å vise elevane kodekammeret i plenum før dei får setje i gang. Elevane kan ha ulike digitale ferdigheiter. Forklar og vis dei derfor korleis dei kan bevege seg rundt i kodekammeret ved hjelp av musetastane.

  2. Det kan òg vere lurt å seie at når dei har løyst ei grammatikkoppgåve rett, må dei skrive ned koden dei får. Koden står nedst, med store bokstavar. Viss dei ikkje får med seg denne koden, er dei nøydde til å løyse grammatikkoppgåva på nytt.

  3. Beveg deg rundt i klasserommet og legg merke til om nokre av elevane står fast eller mistar motet. Gi små tips, men hugs at elevane skal måtte kjempe litt for å finne dei rette kodane.

  4. Det kan vere lurt å ha ei lærarrettleiing med hint og tips du kan gi elevane, med deg inn i klasserommet. Vil du få tilsendt lærarrettleiing? Skriv til oss på hjelp@ndla.no.

Kva er eit kodekammer?

Har du høyrt om kodekammer eller escape room før? Det er eit digitalt rom laga av 3D-bilete. Målet er å komme seg ut av rommet, helst som den første i klassen. For å komme ut må du løyse oppgåver og finne kodar undervegs. Kodane får du når du viser at du kjenner til ordklassar og setningsledd og kan bygge korrekte norske setningar.

Målet er sjølvsagt å lære meir om setningsledd og setningar, men òg å ha det gøy, spele og konkurrere.

Slik gjer du det:

  • Trykk på øvst i høgre hjørne.

  • Bruk pc-musa til å bevege deg rundt i rommet.

  • Trykk på ikona med piler eller låsar for å få oppgåver. Viss du klarer å løyse oppgåvene, får du kodar.

  • Om du skriv feil i ei oppgåve, blir feilen vist i eit raudt felt. Du kan rette opp svaret ditt ved å setje markøren i det raude feltet og forandre på det som står.

  • Trykk på knappen "Tilbake" for å komme tilbake til rommet.

  • Førstemann til å låse seg ut av rommet har vunne!

NB! De kan òg spele i par for å få ei sosial oppleving i tillegg.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 03.05.2025