Kva må du tenke over når du skal kommunisere med andre i jobben du utdannar deg til? Og kva må du tenke ekstra på i kommunikasjonen når du har norsk som andrespråk? Sjå filmen og jobb med oppgåvene.
God kommunikasjon på jobb. Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0
Ordforklaringar til filmen
Ordforklaringar IT-teknikar
Bruk
ein som bruker nokre tenester, til dømes som får hjelp med pc-en sin
IT-teknikar
ein som jobbar med å hjelpe til med pc og andre datatekniske ting
Kortslutta
her: verkar ikkje meir
Ha i bakhovudet
hugse på
Teknisk terminologi
fagspråk om teknologi (data og liknande)
Fungerer
fungerer, verkar
Flaut
pinleg
Formell
etter reglane, korrekt. Mange snakkar til dømes formelt med kundar i jobbmøte, mens dei snakkar litt mindre formelt (uformelt) på pauserommet med kollegaer.
Profesjonelt språk
språk vi bruker i formelle jobbsituasjonar, til dømes fagspråk
Face to face
frå engelsk: ansikt til ansikt, altså fysisk
Uformelt språk
språket vi bruker i det daglege utanfor jobbmøte
Te seg profesjonelt
oppføre seg profesjonelt, oppføre seg slik det er forventa i den jobben vi har
Internt fagspråk
fagspråk som folk bruker og forstår på jobben eller i eit bestemt yrke
Driftsfeil
at noko sluttar å verke som det skal, til dømes ei maskin eller eit system
Frustrert
fortvilt, lei seg
Hektisk
travelt, mykje å gjere
Underliggande/rotproblem
eit problem som er årsaka/grunnen til eit anna problem
Ordforklaringar servitør
Servitør
ein som jobbar med å servere kundar mat og drikke, til dømes på ein kafé eller ein restaurant
Eigenskap
noko som er typisk for ein person eller ein ting
Utdjupe
forklare noko endå meir
Misforståing
noko ein ikkje forstår på rett måte
Kontra:
her: i motsetning til
I djupna
å gå djupare inn i noko, sjå nærmare på noko
Basisspråk
her: eit enkelt språk
Skape eit godt band
ha god kontakt
Bord som er vanskelege å ha med å gjere
gjester ved eit restaurant- eller kafébord som ikkje er hyggelege
Betrevitar
ein person som trur hen kan alt og veit betre enn alle andre
Imøtekommande
høfleg og hjelpsam, lett å komme i kontakt med
Ordforklaringar kommunikasjonsrådgivar
Intern kommunikasjon
kommunikasjon mellom dei som jobbar på same staden
Ekstern kommunikasjon
kommunikasjon mellom tilsette og kundane/brukarane dei har
Fordel
noko som er bra eller gir deg ei betre moglegheit i ein situasjon
Facebook
eit sosialt medium der vi kan kommunisere med andre
Messenger
teneste til å kommunisere med andre gjennom chat, video, med meir
LinkedIn
eit sosialt medium der det meste handlar om jobb
Emoji
biletteikn, til dømes eit smilefjes som symboliserer at avsendar er nøgd med noko
Bilete taler for seg sjølve
når bileta gir så mykje informasjon, at det ikkje trengst tekst i tillegg
Vidareformidle
bringe vidare, gi informasjon (eller noko anna) vidare
Profil
her: informasjon om ein person
Hjartekommunikasjon
her: når du som tilsett er personleg med kunden. Du viser forståing for problemet, og prøver å løyse det på best mogleg måte for kunden.
Utfordring
noko som krev ekstra innsats for å få til
Forkorting
noko som er forkorta. Døme: Ordet til dømes blir ofte forkorta "t.d."
Utanforståande
nokon utanfrå, nokon som ikkje er del av noko
Prepaid Ticket Advice (PTA)
engelsk for førehandsbetalt billett
Misnøgd
ikkje nøgd
Avsendar
her: bedrift eller arbeidsplass som sender informasjon til ein kunde
Bodskap
det viktigaste ein avsendar vil fortelje ein mottakar
Ordforklaringar yrkessjåfør
Respektive
her: kvar for seg, kvar enkelt sin
Sortere
dele inn, fordele
Legge opp ruta
her: bestemme kven ein skal levere varer hos først
Ille kjekt
veldig bra (dialekt)
Uhyre
her: veldig
Sit saman i øy
sitje ved kontorpultar som står saman
Gods
her: varer eller ting som blir transporterte (flytte), til dømes med bil, båt eller tog
Del 1: Kva er god kommunikasjon på arbeidsplassen?
I filmen over møter du fire personar frå fire ulike yrke. Kva seier dei om god kommunikasjon på arbeidsplassen? Noter ned minst tre stikkord til kvar av dei.
Del 2: Kva er felles for yrka?
Kva er likt for alle yrka? Diskuter gjerne med ein medelev og del med resten av klassen.
Del 3: Lag liste over gode råd
Svar på a) viss du utdannar deg til eit av yrka du møter i filmen.
Svar på b) viss du utdannar deg til eit anna yrke enn dei du møter i filmen.
Vurder det personen seier om god kommunikasjon på jobb. Kva er du einig i? Er det nokon andre situasjonar personen burde ha nemnd? Lag ei liste med minst fem råd til god kommunikasjon i yrket ditt.
Kva for nokon av råda i filmen gjeld i yrket du utdannar deg til? Lag ei liste med minst fem råd til god kommunikasjon i yrket ditt.
Er det noko du bør tenke ekstra på i kommunikasjonen på jobben når du har norsk som andrespråk? Diskuter gjerne med ein medelev og del med resten av klassen.
Til filmen God kommunikasjon på jobb har vi laga ganske mange ordforklaringar. Desse ligg rett under filmen. Jobb med ordforklaringane munnleg med ein medelev før de deler svara med resten av klassen.
Les orda og ordforklaringane til filmen God kommunikasjon på jobb høgt for kvarandre. Kva for nokon ord var ukjende for dykk?
Er det nokon av dei nye orda som er viktigare å lære seg enn andre, meiner de? Grunngi svaret.
Kva strategi bruker de for å lære nye ord? Del svara på a, b og c med resten av klassen.
Jobb først saman med ein medelev. Etterpå skal klassen, eller delar av klassen, sjå rollespelet du og medeleven har laga, og dele tankar om kommunikasjonen mellom kunde og tilsett.
Lag eit rollespel der kommunikasjon er viktig. Rollespelet skal vise ein situasjon som kan oppstå i yrket du utdannar deg til. Er de usikre på korleis de lagar eit rollespel? Sjå tips i nedtrekkboksen under.
Korleis lage rollespel?
I eit rollespel skal de bli einige om kva situasjonen er, og kven som skal spele dei ulike rollene. Til dømes kan de bli einige om ein situasjon der ein kunde kjem inn på bilverkstaden for å levere bilen sin til reparasjon. Ein av dykk er kunden, mens den andre er mekanikaren som møter kunden.
Det kan vere lurt å tenke gjennom nokre detaljar, som kva som skal vere gale med bilen, men ikkje skriv opp setningar du skal seie. Litt av poenget er at du skal lære deg å kommunisere med nokon du ikkje kjenner, og som du ikkje heilt veit kva kjem til å seie. Det vil likne mest på verkelegheita når du startar i jobb.
Den som jobbar på bilverkstaden, får ansvaret for å starte og avslutte samtalen.
Spel rollespelet for heile klassen eller ei mindre gruppe.
Oppgåve til dei i klassen som ser på rollespelet: Korleis er kommunikasjonen mellom kunden og den som arbeider?
Gi døme på god kommunikasjon i rollespelet.
Kva kan forbetrast for å få endå tydelegare kommunikasjon? Kom med forslag.