Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kva er eit godt arbeidsmiljø?

I desse oppgåvene skal du lese ein artikkel frå Arbeidstilsynet og arbeide med temaet arbeidsmiljø.

Tekst om arbeidsmiljø

I oppgåvene under skal de på litt ulike måtar jobbe med Arbeidstilsynets artikkel "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø". Arbeidstilsynet har som oppgåve å passe på at alle har det trygt og godt på arbeidsplassen sin.

I artikkelen kan det vere fleire ord som er nye for dykk. Les derfor gjennom ordlista med forklaringar før de les sjølve artikkelen:

Ordforklaringar til artikkelen

bidra
her: å hjelpe til eller gjere noko for å hjelpe andre
arbeidstaker
ein person i jobb (nynorsk: arbeidstakar)
samspill
her: at fleire samarbeider eller gjer noko saman (nynorsk: samspel)
produktivitet
her: kor mykje ein får gjort på jobben
trivsel
å ha det bra og vere nøgd
motivasjon
noko som gjer at du får lyst til å gjere noko
verktøy
her: tips og gode måtar å gjere noko på
Arbeidsmiljøportalen
ein nettstad som handlar om korleis ein arbeidsplass kan jobbe med arbeidsmiljøet
virksomhet
ein arbeidsplass eller ei bedrift (nynorsk: verksemd)
bidrag
noko du gir eller gjer for å hjelpe til eller forbetre noko
påvirkningskraft
makta eller evna til å forandre eller bestemme noko (nynorsk: påverknadskraft)
initiativ
når du startar eller setter i gong noko
forbedring
noko som er blitt betre (nynorsk: forbetring)
dialog
samtale mellom to eller fleire personar
takhøyde
her: (idiom) at det er lov å seie kva ein meiner (nynorsk: takhøgde)
buffer
her: noko ekstra som hjelper, støttar
overbelastning
når det blir for mykje å gjere, altså meir enn du tåler eller klarar
tilbakemeldingskultur
her: ein arbeidsplass der det både er greitt å gi tilbakemeldingar om kva som er bra, og òg om kva som kan bli betre
konstruktiv
noko som hjelper og er nyttig
anerkjennelse
å få positiv tilbakemelding eller bli sett for noko bra du har gjort (nynorsk: anerkjenning)
kjøreregler
her: reglar som alle må følge på ein arbeidsplass (nynorsk: køyrereglar)
rutine
ting du gjer på same måte kvar gong
utfrysing
her: (idiom) det å halde nokon utanfor ei gruppe
verneombod
ein person som har ansvar for at alle har det trygt og bra på jobben, og at reglar for godt arbeidsmiljø blir følgde
inkluderande
når alle får vere med

Oppgåve 1. Les fagartikkelen

Jobb to og to saman.

  1. Før de les, snakk saman om dette: Kva tenker de er eit "godt arbeidsmiljø"? Har de jobba på stader der det er hyggeleg å vere?

  2. Les ordforklaringane til artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø" høgt for kvarandre. Hjelp kvarandre med uttale og forståing.

  3. Les artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø" høgt for kvarandre. Byt på kven som les. Hjelp kvarandre med uttale, og spør læraren viss de er usikre på uttale av enkeltord.

  4. Gjenfortel hovudinnhaldet med eigne ord.

  5. Kva for eit av tipsa om godt arbeidsmiljø tenker du er viktigast? Fortel kvifor til den du jobbar saman med.


Oppgåve 2. Samtale i ring

Sett dykk saman i ring. Snakk saman om artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø".

Hjelp kvarandre inn i samtalen med å bruke namna til dei andre i klassen. Døme: Kva for eit av tipsa om godt arbeidsmiljø likte du best, Matheo?

De kan bruke desse spørsmåla:

  • Kva handlar fagartikkelen om?

  • Kva er eit verneombod?

  • Kvifor er det viktig med godt arbeidsmiljø på ein arbeidsplass?

  • Kva betyr det at det er takhøgde for å ta opp problem på arbeidsplassen?

  • Kva for eit av tipsa om godt arbeidsmiljø tenker du er viktigast?

  • Kva tenker du at du kan bidra med for å skape godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen?

  • Korleis kan de få til ein god dialog viss det er noko som er vanskeleg på arbeidsplassen?

  • Kvifor er det viktig å vere inkluderande på ein arbeidsplass?

  • Kva betyr det å ta initiativ på jobben, og kvifor er det viktig?

  • Kva kan du gjere for å passe på at du og kollegaene ikkje blir overbelasta på jobb?


Oppgåve 3. Lag reklameplakat

Jobb saman to og to eller i ei lita gruppe.

Del 1: Oppdraget og idéarbeid

Tenk deg at ein arbeidsplass innanfor yrkesfaget ditt treng fleire tilsette. De skal lage ein plakat der det kjem fram kor godt arbeidsmiljø dei har, slik at mange skal få lyst til å jobbe der.

  1. Snakk saman først: Kva trur de er viktig for å få nokon til å søke på jobben?

  2. Bruk så tipsa i artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø". Skriv ned dei stikkorda om arbeidsmiljø som de meiner er dei viktigaste.

Del 2: Lag plakaten

De kan jobbe med å lage plakat på datamaskina eller skrive på eit ark.

Vel det viktigaste stikkordet for godt arbeidsmiljø i yrket ditt, og lag ei setning som viser at arbeidsplassen er oppteken av dette.

Bruk gjerne typiske verkemiddel som , eller positive og negative ord. Ha med ein passande , noko som viser korleis godt arbeidsmiljø kan sjå ut i det yrket de lagar plakat til.

Døme på tekst som kan stå på ein reklameplakat:

  • "Elektrikaren - arbeidsplassen som spreier god energi"

  • "Helsehuset - der alle stemmer blir høyrde"

Del 3: Presenter plakaten

Presenter plakaten de har laga, for andre elevar. Fortel kva de ønsker å få fram med plakaten (bodskapen). Forklar både teksten og illustrasjonen de har valt.


Oppgåve 4. Rollespel om arbeidsmiljø

Gå saman i grupper på tre og tre.

  1. Start med å skrive ned alt de knyter til godt arbeidsmiljø. Har de eigne erfaringar de kan bruke?

  2. Les artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø". Kva meiner de er det viktigaste i yrket de utdannar dykk til?

  3. Lag så eit der temaet er arbeidsmiljø. Det kan til dømes vere ein konflikt på jobb som blir løyst, eller ein situasjon som viser godt og inkluderande arbeidsmiljø.

  4. Spel rollespelet framfor klassen eller ei lita gruppe i klassen.

Relatert innhald




Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 12.03.2025