Disposisjon til foredrag

Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte i artikkelen:
- Disposisjon
- Ein disposisjon er ein plan for innhaldet i ein tekst. Han er ofte sett saman av fleire stikkord, og ikkje av setningar og samanhengande tekst.
- Stikkord
- Stikkord er ord og frasar som kan hjelpe deg å hugse det viktigaste i ein tekst.
- Kronologi
- Kronologi er når hendingar blir beskrivne i den rekkefølga dei skjedde.
- Moment
- Her: Eit moment i ein tekst er eit hovudpunkt i teksten, til dømes eit argument og grunngivinga for argumentet.
Ei oversikt over innhaldet
Å lage ein disposisjon betyr å skrive ned stikkord om kva du skal seie, og i kva rekkefølge. Viss du bruker tid på å lage ein slik plan, blir det lettare for deg å hugse det du skal seie.
Uansett kva for eit emne du har valt, skal presentasjonen din ha tre delar: innleiing, hovuddel og avslutning. Når du lagar disposisjonen din, må du ha denne tredelinga.
1. Innleiing
Målet med innleiingar er å skape kontakt med dei som høyrer på. Dessutan skal innleiinga gjere publikum nysgjerrig på det du har å seie. Start til dømes med eit spørsmål som provoserer, ei morosam historie eller eit døme. Då engasjerer du publikum med ein gong.
Du bør òg førebu publikum på det som kjem og presentere emnet du skal snakke om. Dersom du skal halde ein litt lang presentasjon, bør du òg nemne hovudpunkta du skal ta opp. I tillegg kan det av og til vere lurt å seie noko kort om kvifor du har valt å snakke om emnet.
Døme på stikkord til innleiing
Tema: Høflegheit
Historie: Frå bussen + provoserande spørsmål (Er nordmenn frekke?)
2. Hovuddel
I hovuddelen skal du seie meir om kvart enkelt punkt. Eit godt råd er å ikkje bruke meir enn tre hovudpoeng (moment) i hovuddelen.
Du kan ordne punkta på ulike måtar, til dømes starte med det som er viktigast. Skal du beskrive ei hending eller noko du har gjort, er kronologisk rekkefølge eit vanleg val. Då beskriv du hendinga eller arbeidet i den rekkefølga ting skjer.
Døme på stikkord til hovuddel
Moment 1:
Høflegheit i Noreg: rett fram, snik i kø, seier hei i skogen
Moment 2:
Høflegheit der eg kjem frå: bruker mange ord, respekt for eldre, deler mat
Moment 3:
Kulturmøte: stille spørsmål, sjå kva andre gjer, tilpasse seg
Nokre tips
Tilhøyrarane forstår og hugsar betre viss du bruker døme. Samanlikn det nye du seier med noko dei allereie kjenner. Då hugsar dei lettare det du seier. Hugs at folk gløymer raskt, så ikkje ta med for mange punkt. Fokuser på nokre få og gjenta viktige poeng to–tre gonger i løpet av framføringa
3. Avslutning
Avslutninga skal ikkje innehalde nokre nye punkt. Derimot kan det vere lurt å komme med ei kort oppsummering av det du har sagt. Du kan òg seie kva du sjølv meiner eller komme med ei oppmoding – alt etter kva du vil oppnå med presentasjonen.
Døme på stikkord til avslutning
Ulike reglar for kva som er høfleg
Annleis betyr ikkje feil
Lær av andre
Relatert innhald
Øv på å bruke disposisjon når du skal lage ein tekst.
